NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter sengerøyking

Mannen i 70-åra skulle berre ta seg ein røyk før han la seg fredag kveld. Det heile enda i brann og tur på sjukehus for mannen.

Politiet fekk fredag kveld melding om branntilløp i eit hus i Sørbøvåg i Hyllestad kommune.

- Grunnen til at det begynte å brenne er høgst sannsynleg at mannen røykte, seier operasjonsleiaren i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen måtte sendast til sjukehus med røykskader, men han skal ikkje vere alvorleg skada.

Politiet vil etterforske saka på vanleg måte, og mest truleg blir det oppretta sak mot mannen, opplyser politiet.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote