NRK Meny

MC-førar (27) lettare skadd etter utforkøyring

Ein 27 år gammal mann er lettare skadd etter ei MC-ulykke på riksveg 614 i Svelgen måndag ettermiddag.

Laster kart, vennligst vent...

Artikkelen er flere år gammel.

– Vi fekk melding klokka 15.43, men vi veit veldig lite. Ein motorsykkel er involvert i ei ulykke om lag ein kilometer frå Svelgen i retning Ålfoten, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.

MC-føraren er like over klokka 16.00 frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

SISTE: Klokka 19.30 opplyser AMK at den 27 år gamle mannen ligg til observasjon på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Mannen skal ha lettare skadar etter uhellet.

Føraren skal ha mista kontroll på sykkelen på ei rett vegstrekning og hamna dermed i grøfta.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar