Hopp til innhold

Til sjukehus etter MC-krasj

Eit portugisisk par i 30-åra vart sende til sjukehus med brotskader etter ei trafikkulukke i Flåm laurdag ettermiddag.

Dei to køyrde ein motorsykkel som kolliderte med ein personbil i kryset ved avkøysla til Flåm sentrum på E16.

Føraren av personbilen kom ikkje til skade.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.37. Dei kan førebels ikkje seie noko om kva som var årsaka til ulukka.