Hopp til innhold

Mann funnen i sjøen etter grunnstøyting - send til Haukeland

Ein mann vart funnen livlaus i sjøen etter at ein fiskebåt gjekk på grunn i Skårbøfjorden i Selje. Mannen er send til Haukeland universitetssjukehus med helikopter. Tilstanden hans er ukjend.

Ulykke Skorbøfjorden

INNMED LAND: Båten låg og slo i fjøresteinane då politiet fekk melding om hendinga.

Foto: Harald S. Berge

– Det kom inn melding like over klokka 11 om at det var observert ein båt som låg og slo mot land vest for Selje, utan at det var observert nokon om bord i båten, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Det vart umiddelbart iverksett ein redningsaksjon.

– Vi har funne ein mann i sjøen i nærleiken av båten som vart observert i strandsteinane på Selje. Han er teken hand om av helsepersonell. Han vert flogen til Haukeland universitetssjukehus av Sea King-helikopteret til 330-skvadronen, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sola, Asbjørn Viste.

Han opplyser at det vert jobba med livreddande tiltak for å redde mannen.

– Eg kjenner ikkje til status for mannen no, seier Viste.

Veit ikkje om det var fleire personar i båten

Eit ambulansehelikopter, Sea King-helikopter, redningsskøyte og lokale dykkarar kom raskt til staden.

– Vi fekk melding klokka 11.07. Eg har ikkje heilt nøyaktig tidspunkt, men mannen var ute av vatnet om lag klokka 11.30, seier Viste.

Det er ikkje klart kor lenge mannen har lege i vatnet.

– Vi har førebels ingen opplysningar som tyder på at det var fleire personar i båten, seier Værøy.

Han kjenner ikkje til om mannen var medviten då han vart henta opp av sjøen.

– Eg har ikkje opplysningar om helsetilstanden, seier Værøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjark

FUNNEN I SJØEN: Ein mann vart funnen i sjøen etter at fiskebåten grunnstøytte. Tilstanden til mannen er uavklart.

Foto: RS Halfdan Grieg

Båten slo mot land

Redningsskøyta Halfdan Grieg var i 11.45-tida framme ved havaristen, etter å ha køyrt frå Måløy.

– Båten er trekt av, og er på veg inn med redningsskøyta Halfdan Grieg til Selje. Båten vil bli sikra i hamna der, seier Viste.

– Det er ikkje store skader, men det er nok til at det er trong for ei lensepumpe som vert ståande på, seier Viste.

Han kjenner ikkje til kvifor mannen hamna i sjøen.

– Nei, det vil berre vere spekulasjonar, seier Viste.

I tillegg til redningsskøyta Halfdan Grieg, var Raude Kors på staden med båt. Ambulanse, redningshelikopter og 330-skvadronen sitt Sea King-helikopter var også med på redningsaksjonen.