NRK Meny
Normal

Til Oslo for å få sjukehus-avgjerd

Ein delegasjon av Ap-ordførarar frå Sunnfjord og Sogn er i dag på hastemøte hos partisekretær Raymond Johansen i Oslo. Ordførarane vil be om fortgang i sjukehusavgjerda for fylket.

Ordførarar krev sjukehusavgjerd

KREV HANDLING: Jarle Aarvoll (f.v.), Marta Finden Halset, Arve Helle og Kjartan Longva.

Foto: NRK

Raymond Johansen

TEK IMOT: Partisekretær Raymond Johansen møter ordførarar frå Sogn og Sunnfjord.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Initiativtakar er Fjalerordførar Arve Helle som seier det er fleire grunnar til at sjukehusavgjerda må komme raskt, mellom anna omsynet til partiet i fylket.

– For partiet og fylket sin del

– Det er omsynet til partiet, som vi meiner heilt klart meiner står seg på å få tatt ei avgjerd, det er det eine. Det andre er omsynet til at Helse Førde og omtrent heile fylket er inne i ein unntakstilstand så lenge dette pågår. No må vi få skore igjennom. Vi må få komme oss vidare, uansett utfall, seier Arve Helle.

Med i delegasjonen er Høyanger-ordførar Kjartan Longva, Sogndals-ordførar Jarle Aarvoll og Vik-ordførar Marta Finden Halseth.

Sentralsjukehuset

Helle legg ikkje skjul på at dei også har kampen for Sentralsjukehuset som argument for sitt engasjement.

– Det legg vi ikkje skjul på. Stort sett samtlege kommunar i fylket har ønskt eit sterkt sentralsjukehus. Det har våre kommunar gjort, og det er heilt klart ein del av erendet for at vi er her.

– Kor snart må det komme ei avgjerd?

– Så snart som mulig, seier Helle på veg til møtet som tok til klokka 12.30.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå