Hopp til innhold

Ordføraren: – Til neste opning stiller eg i hjelm

FØRDE (NRK): Det gjekk ikkje heilt som planlagt då den flunkande nye utsmykkinga av Scandic Sunnfjord hotell vart avduka. Presenninga som skjulte kunstverket, la seg nemleg over Førde-ordføraren.

Ordføraren avduka nytt kunstverk i Førde

SJÅ VIDEO: Oddvar Torsheim må lokalisere ordførar Olve Grotle (H) etter avdukinga av kunstverket hans. (FOTO: ANDERS MILDESTVEIT)

Ordførar Olve Grotle (H) fekk eit veldig bal med å komme seg fri. Til slutt fekk han hjelp til sjølv å bli «avduka».

– Eg vurderte faktisk om eg skulle krype langs golvet, men tenkte at det ikkje var ein ordførar verdig. Så eg bestemte meg for å stå rakrygga til presenningen forsvann av seg sjølv, humrar Førde-ordføraren.

Har hjelm neste gang

For presenningen la seg over Olve Grotle (H) då han saman med Oddvar Torsheim avduka «Siri syng fjordblues» på Scandic Sunnfjord hotell onsdag.

Sjølv tek ordføraren det heile med eit smil og spøkjer med at han ligg på akuttmottaket med broten rygg etter avdukinga.

– Dette toler vi godt. Men neste gang eg skal vere med å opne noko, så stiller eg med hjelm. Frå no av blir det ein del av utstyret til ordføraren, humrar han.

Kraftig røyst

Oddvar Torsheim

STORT: Oddvar Torsheim er stadig innom hotellet og har ein heil etasje kalla opp etter seg. No prydar han også hotellet utvendig.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kunstnaren sjølv hadde følgjande forklaring på kva som skjedde:

– Dette er «Siri syng fjordblues» og ho song slik at presenningen datt nedover ordføraren, seier den folkekjære kunstnaren som har gjeve Førde eit nytt landemerke.

– Ikkje minst blir det noko å sjå på om kveldane, på hausten og om vinteren. Alle busspassasjerar som no kjem til eller innom Førde vil sjå det. Det er kjempekjekt å gi slik honnør til Oddvar, seier Grotle.

– Naturleg val

Hotelldirektør Odd-Erik Gullaksen er samd. Frå før har hotellet ein etasje kalla opp og fylt med kunstverk av Torsheim. Kunstnaren er også dagleg innom.

Siri syng fjordblues på Scandic Sunnfjord hotel

STORT: Monumentet måler 12x6 meter. – Dottera mi er songarinne og har inspirert meg stort. Det er ho som er originalen. Ho er gullungen min om ho vil eller ikkje, seier Oddvar Torsheim.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det var naturleg at det vart Torsheim. Biletet tykkjer vi symboliserer det som skal skje inne på scena, med musikken og kulturen vi skal ha, seier Gullaksen.

Torsheim tykte sjølv det var kjekt å arbeide med eitt så stort verk.

– Det er litt kjekt å lage store saker av og til. Eg vil gjere meir av dette, seier han.

– Som det skal vere

I tillegg til eigen hotelletasje, har Torsheim fått si eiga statue ved elvebreidda i Nynorsken skog.

– Det er eg veldig glad for, for det er veldig mange gode kunstnarar som ikkje sel noko som helst. Kanskje eg har vore litt flink med å dele ut plakatar? Alle trur at det er fordi eg er så snill, men det er det ikkje. Det er snikreklame, humrar han.

– Dette toler vi godt. Oddvar er så folkekjær og omtykt i Sunnfjord, at dette er som det skal vere, avsluttar ordførar Grotle.

Avduking av Siri syng fjordblues på Scandic Sunnfjord hotell

MYKJE FOLK: Det samla seg mykje folk for å få med seg avdukinga onsdag.

Foto: Anders Mildestveit / NRK