Hopp til innhold

Til Målselv for å lære om Landsskyttarstemne

MÅLSELV (NRK): For å førebu seg best mogleg til Førde skal arrangere Landsskyttarstemne neste år, har stemneleiarane teke turen til årets stemne i Målselv.

Margunn Masdal Christian Rekkedal

SKAL LÆRE AV MÅLSELV: Christian Rekkedal og Margunn Masdal skal arrangere Landsskyttarstemnet i Førde til neste år. I år er dei på plass i Målselv.

Foto: Nils Mehren / NRK

– At eit sånn samfunn mobiliserer på den måten dei har gjort i Målselv, verkar på meg som eit bevis på ei livskraft i lokalsamfunnet.

Det fortel leiar av hovudkomiteen for LS 2017 i Førde, Christian Rekkedal. Han er på plass i Målselv for å lære om korleis dei kan arrangere eit best mogleg stemne til neste år.

Margunn Masdal er også ein del av komiteen, og har sjølvsagt teke plass i Troms.

– Den lokale stoltheita skal vi også bringe inn i vårt arrangement, med dei lokale kulturkreftene og ein lokal karakter.

– Må vere like bra som førre gong

Torleif Skudalsnes er skyttar sambandsformann i Sunnfjord. Han tuslar innom standen LS 2017 i Førde har sett opp i Målselv.

– Eg deltek ikkje på skytinga i år, men det håpar eg at eg skal til neste år. Det må vere like bra som siste det var i Førde, for då var det veldig bra, fortel Skudalsnes.

Nils Mehren

LIV PÅ STAND: Christian Rekkedal og Margunn Masdal tek imot alle som lurar på kva deira planer er for LS 2017 i Førde.

Foto: Nils Mehren / NRK

Landsskyttarstemnet alternerer mellom dei fem landsdelane. Dermed blir det nokre år mellom kvar gong regionen får moglegheit til å arrangere stemnet. Førde arrangerte det sist i 2008.

– Vi var med å arrangere stemnet for 8 år sida også. Dei fleste i hovudstyret var med sist, og det er ein styrke, seier Rekkedal.

Men han kan love at dei ikkje berre finn fram att planen frå 2008.

– Dersom vi trur at vi kan gjere det same som sist, gjer vi ei tabbe. Landsskyttarstemnet utviklar seg frå år til år, og det er også derfor vi er her. Dersom du er tre-fire år på etterskot, blir det eit dårleg stemne. Sjølv om det fungerte kjempebra for ti år sida.

– Større enn vinter-OL

Arrangørane er klar over at det trengst mykje lokalt arrangement for å få eit vellukka stemne.

– For ni år sida hadde vi mange frivillige i arbeid, i tillegg til heimevernet. Det er nesten utruleg at ein kan lage så store arrangement basert på fri vilje, fortel Masdal.

Det er ikkje reint får dei forventar til Førde.

– Det er eit stort arrangement. Eit vinter-OL har 2.500 deltakarar, i Førde forventar vi 5.000 deltakarar. Likevel klarar vi det basert på fri vilje.

Men det er ikkje berre deltakarane som skal til Førde i 2017. Støtteapparat og familiemedlemmar gjer at talet på gjestar truleg blir langt høgre.

– Vi forventar at det kanskje blir 15.000 gjestar i Førde. Dette blir gøy, ler Masdal.