Hopp til innhold

Til legevakt etter smell

Ein bilførar er send til legevakta på Eid etter trafikkuhellet på fylkesveg 662 ved Hundeide. Det er smal veg der bilane har støytt saman. Operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt seier det var ein person i kvar av bilane. Medan den eine føraren er send til legesjekk, kom den andre frå det uskadd. Den eine bilen har fått så store skader at den må fjernast av bilbergar.