Til legevakt etter kollisjon mellom sykkel og bil

Ein mann i 80-åra er køyrd til legevakt etter ei trafikkulukke på Byrkjelo.

Politiet fekk melding om hendinga i 18-tida og rykka ut saman med ambulansepersonell. Politiet opplyste like etter at syklisten var bevisst.

– Det har vore ein samanstøyt mellom mannen som sykla og ein bil, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Han seier at ulukka skjedde i Breimsvegen på Byrkjelo, men at politiet enno ikkje veit årsaka.

– Politiet har gjort vitneavhøyr. Det er oppretta sak på forholdet, men førarkortet til bilisten er ikkje beslaglagd, seier han.