Ulukka skjedde på fylkesveg 614 i Grytadalen mellom Norddalsfjorden og Magnhildskaret i Flora.
– Mannen har følgt med bilen ned ein bratt skråning og ut i ei elv. Mannen som var åleine i bilen tok seg sjølv ut av bilen og opp til vegen der han fekk varsla om uhellet, seier Inge Værøy ved operasjonssentralen til Vest Politidistrikt i Florø.
Politiet opplyser at det var slaps og snøføre på staden, og at det kan ha vore medverkande til uhellet.
– Mannen vart teken med til legesjekk i Florø, før han vart dimittert, seier Verøy.
Om lag samstundes med ulukka i Grytaldalen, køyrde ein bil av vegen ved Movika i Førde.
– Det var rykt ut med politi og helse. På staden fekk politiet mistanke om promille, og har tatt blodprøve av sjåføren, seier Verøy.
Mannen som er i 20-åra vart også send til legesjekk, og politiet har kverrsett førarkortet.