Hopp til innhold

Til kvartfinalen i sandvolleyball

Duoen Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen er klare for kvartfinale i senior-NM i sandvolleyball.

Jonas Kvalen og Lars Fredrik Tvinde

DUOEN: Jonas Kvalen og Lars Fredrik Tvinde har spelt seg til kvartfinale under senior-NM i sandvolleyball.

Foto: Nina Kvalen

Det same er også Geir Eithun og makker Vegar Høidalen. Både Tvinde og Eithun er frå Førde.

Senior-NM går av stabelen i Lier og Drammen. Tvinde/Kvalen tapte først kamp i dag mot nettopp Eithun/Høidalen.

Dei tre neste kampane vann 19-åringane Lars Fredrik og Jonas Kvalen, medan Eithun og makker fekk to sigrar og eit tap. Den eine kampen vann dei mot Åsgeir Holstad frå Vik med makker.

No skal begge laga spele kvartfinale søndag klokka 10. Lagleiar for Tvinde og Kvalen, Jan Egil Tvinde, seier unggutane har imponert så langt.

– Dei har spelt fantastisk godt. Kampen i morgon er open, men det andre laget er nok favorittar, seier han.