Hopp til innhold

Til kamp mot regjeringa

Ordførarane i Sogn og Fjordane er leie av at folk i Bærum stikk av med kommunekronene.

Villa i Bærum
Foto: Anne Storaune / NRK

Ordførarar i Sogn og Fjordane går no til kamp mot regjeringa og krev meir pengar frå Staten.

KS kan vise til statistikk viser at om kommunane her i fylket fekk like mykje frå staten som til dømes Bærum kommune, så skulle fylket hatt ein halv milliard kroner meir i overføringar.

KS-leiar Olav Lunden i Sogn og Fjordane meiner det heile er urettvist.

- Urettvist

- Det er urettvist utfrå at vi har stor verdiskaping på Vestlandet. Distrikta bør få ein større del av den offentlege kaka, meiner Lunden.

Distriktsfylket Sogn og Fjordane vert råka ekstra hardt av låge skatteinntekter til kommunane. Hadde til dømes Florø fått like mykje igjen som Bærum, ville kommunen hatt 66 millionar meir å bruke årleg, fattige Selje ville hatt 35 og Stryn kommune 40.

Vil få likt med Bærum

Regjeringa skal no bestemme eit nytt inntektsystem til kommunane, og det såkalla Sørheim-utvalet har kome med ei innstilling som varslar små endringar. Men Lunden krev meir, helst ein halv milliard kroner slik at ein kjem likt med Bærum.

- Det er ikkje nokon grunn til at dei skal ha større inntekter enn kommunar her i fylket, i og med at vi har same krav til tenestetilbod her som i sentrale strok.

Høg skatt skal løne seg

Det er mellom anna Senterpartiet i regjering som skal vedta eit nytt inntektsfordelingsystem.

Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunaldepartementet seier at ordninga er som ho er for at kommunane skal merke fordelane av å ha høge skatteinntekter og eit variert næringsliv, slik som i Bærum.

- Reelt og riktig

Men dilemmaet er at innbyggarane rundt i Norge skal ha eit likeverdig tenestetilbod, spørsmålet er om fattige utkantskommunar er i stand til dette no.

- Eg kan ikkje gå noko lenger i det, utover å sei at det KS peikar på er heilt reelt og riktig. Kva som vert presentert i kommuneproposisjonen må vi berre avvente til den er presentert, seier Sandbakken.