Hopp til innhold

Til kamp for forsvarsanlegg

Sunnfjordkommunane stiller seg bak Eid kommune og fylkesutvalet, og er sterkt kritiske til nedlegging av Firda kaserne.

Firda kaserne

MANGE PROTESTERER: Når Sunnfjord-kommunane no hiv seg på er protesten mot forsvaret sine planar om å selje Firda kaserne i ferd med å verte stor.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi må oppretthalde både skyte- og øvingsfelta i Vasslia i Førde og Remmedalen i Eid, og ikkje minst Firda kaserne på Eid. Det er dei einaste anlegga Heimevernet har att i fylket. Det er for gale at dei skal legge dei ned, seier Mathias Råheim.

Han er leiar i Samarbeidsforum for Sunnfjord, og snakkar for kommunane Gaular, Jølster, Naustdal, Flora og Førde.

Dermed støttar dei Eid kommune, fylkesutvalet og lokale heimevernssjefar, som alle har vore svært kritiske til kuttforslaga til Heimevernsstaben.

– Mi innstilling har vore at det ikkje er rett å fjerne fotavtrykket til forsvaret i Sogn og Fjordane. Dette er ein gamal ekserserplass som har vore med sidan opprettinga av hæren i 1628. Eg synest dette gjev uheldige signal til fylket, har distriktssjef for HV11, Per Olav Vaagland, sagt til NRK.

– Treng det til øving og beredskap

Mathias Råheim

PROTESTERER: Leiar i samarbeidsforumet og ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H).

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Firda kaserne, som ligg i Mogrenda i Eid kommune, skal seljast og leggjast ned som forsvarsanlegg. Sunnfjordkommunane er urolege.

– Vi kjem til å stå utan skyte- og øvingsfelt. Det tykkjer vi er dårleg, for vi hadde mykje for nokre år sidan. Vi treng HV-soldatane til andre ting enn krig også. Vi treng dei til beredskap, til dømes om det skulle skje naturkatastrofar eller andre ting, seier Råheim.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, var svært uroa då kuttforslaga kom.

– Eg meiner dette er ei dramatisk avgjerd, ikkje berre for Eid, men for heile fylket. Vi er avhengige av å ha eit aktivt forsvar over heile landet, sa Bjørlo.

– Forsvaret er ei tøff nøtt å knekke

Trass lokale HV-sjefar, mange kommunar og fylkesutvalet sine protestar, er Råheim ikkje svært optimistisk.

– Eg er optimist av natur, men det har vist seg tidlegare at forsvaret er ei seig nøtt å slåst med. Vi hadde HV10 på Skei som vart teke, og fleire eksempel.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn tok spørsmålet opp i Stortinget til forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide. Hennar svar var at ho hadde tillit til leiinga i forsvaret i desse avgjerdene.

– Det skulle berre mangle. Men vi må gje beskjed. Dersom mange nok spelar inn, og underbyggjer det godt, får vi håpe dei tenkjer seg om eit par gonger før dei legg ned, seier Råheim.