Til EM-finalen etter rekordkast

Trude Raad (Gloppen FIL) er klar for laurdagens sleggefinale etter eit rekordkast under U23-EM i friidrett.

Trude Raad

FINALEKLAR: Trude Raad er klar for sleggefinalen under U23-EM i friidrett.

Foto: Thore-Erik Thoresen/NFIF

Glopparen kasta sleggja 63,43 meter i andre omgang, og sletta med det både sin eigen personlege rekord og Mona Holm sin seks år gamle norske U23-rekord på 62,892 meter.

– Det er gledeleg at Trude er tilbake for fullt og endeleg får klaff i eit internasjonalt meisterskap, seier dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim.

Sletta ny rekord

Dermed var Raad over kvalifiseringsgrensa på 63 meter som gav automatisk finaleplass. I kvalifiseringsgruppa vart Raad nummer tre, medan ho gjekk til finalen med sjuande beste resultat.

– No har ho teke alle rekordane til Mona Holm frå 16-årsalderen og oppover. Det er berre seniorrekorden som står att, og den skal ho få litt tid på, seier ein stolt trenar Jørund Årdal som følgde kvalifiseringa via datamaskina heime på Sandane.

– Lett å bli frustrert

Årdal fortel at Raad var letta og glad over å sikre plassen mellom dei 12 finalistane.

– Når du kastar i mange konkurransar, og føler du ikkje får vist kva du er god for, så er det lett å bli frustrert. Ho var veldig letta og glad for at ho endeleg fekk vise kva ho er god for, seier Årdal som snakka med kasttalentet like etter kvalifiseringa.

– Venta på det

I same slengen som Raad sikra finalen, tok ho også attende krinsrekorden som Marthe Rygg Årdal sette for kort tid sidan.

– Ho har hatt litt utur ein del gonger i internasjonale meisterskap, men denne gongen lukkast ho skikkeleg. Vi har venta på at ho skulle få litt meir utteljing for treningsarbeidet. Det fekk ho i dag, jublar Årdal.

Håpar på «litt til»

Raad har det siste året arbeidd med å få til ein ny teknikk. Det har gått utover prestasjonane i sleggeringen.

– Ho har jobba med litt tekniske problem, som ho no ser ut til å ha fått kontroll på, stadfestar Årdal. Han trur ikkje på noko pallplassering i meisterskapen i Ostrava.

– Nei, det trur eg ikkje vi kan vente. Det er nokon som er rundt 68-69 meter og det er litt for langt fram, men ho har allereie sikra seg ei flott plassering. Vi kan håpe på liknande kast og kanskje litt til i finalen, seier han.