Hopp til innhold

Til countryfestival med eigen saloon

Frisk fredag for countryfestivalen i Breim. Den skyfrie himmelen gav deltakarane ein kjølig start på festivalhelga.

Heimelaga Saloon
Foto: Tone Lin Støfring Skovro

– Vi drar damer i fleng, hevdar jølstringen Joar Tveit eplekjekt i det han inviterer inn i sin heimesnikra saloon på campingen i Breim.

Kompisgjengen frå Jølster har køyrt både ein og to turar til Breim denne helga. To campingvogner står tett med skiltet «Saloon» mellom, skiltet med "Saloon" har dei også måtte køyre på plass. Dessutan har dei montert tute på taket for å vekke ekstra merksemd, om det skulle vere behov for det. Utanfor beitar plasthestar frå ei takrenne.

Hestar på countrytreff

HEST I PLAST: Det skal ikkje stå på effektane når cowboysentusiastane reiser på festival.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro

Festivalantrekk

I ein kvit skinnsofa, også medbringa, sit fem karar med cowboyhatten på snei og i kledelege flanellskjorter med ruter og ei blond jente med lakserosa topp.

– Hehe ... Ei jente. Jada, ler countryentusiasten som har kledd seg i festivalkorrekt skinnbukse med festlege frynser i tillegg til skjorte og hatt.

Med skyfri himmel på fredagskvelden er gradestokken utriveleg for festivaldeltakarane. Ikkje alle er like merksame på det, men fleire finn teppe og varme jakker for å halde varmen. NRK noterer seg for mindre enn 7 grader før midnatt. Då har ikkje hovudattraksjonen, Vassendgutane, entra scena ein gong.

CountryLutt på Breim
Foto: Runar Sandnes

Frisk temperatur

– Eg har med meg dyne, så det blir frisk – men eg trur eg har ein sovepose ein plass, seier Stian Støfringsstøl som er ein av mange som kosar seg i kveldssola på festivalcampen.

Utover kvelden går gradestokken stadig meir mot det blå. Ein del av deltakarane har vore så framsynte at dei har tatt med seg boblejakker, andre lengtar seg heim til varmen i drosjekøen.

Andre held varmen på medbringa kjempegrill, som har plass til ein halv gris om det er ønskjeleg.

Lastebilar på rekke

PÅ LINJE: Trekkvognene står på linje under countryfestivalen.