Hopp til innhold

Til Berlin med god smak frå fylket

For første gang har alle dei fire fjordfylka ei felles satsing på Internationale Grüne Woche i Berlin.

Klare for messe i Berlin

KLARE FOR MESSE: Frå venstre Leif Inge Undredal, Undredalsbui, Odd Lothe Ohnstad, Haugen Gardsmat, Tuba Artic, Ciderhuset, Åge Eitungjerde, Ciderhuset, Gro Sveen, Svanøy Røykeri og Gard Eitungjerde, Ciderhuset.

Totalt 15 produsentar frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er klare for deltaking på Grüne Woche i Berlin 20.–29. januar.

Desse representerer ei blanding av matprodusentar, overnatting og serveringsbedrifter.

Fellesnemnaren for produkta er at dei representerer det beste fjord-Norge har å by på.

Skal vise fram det beste frå vest

– Vi har som mål at produsentane skal få knytt kontaktar som er viktige i arbeid med produktutvikling og marknadsføring. Messa er dessutan ein viktig nettverksarena der ein får vist seg fram ikkje berre for tyskarar, men og for nordmenn, seier prosjektleiar Kari Birgitte Melvær Wiig.

Ho kan fortelje om ei hektisk veke med mykje arbeid for å få klart alt som må til for å koordinere matsendingar frå fire fjordfylke til Berlin.

Messa i Berlin går av stabelen 20. – 29. januar, og det er venta at om lag 400.000 menneske kjem til å vitje arrangementet.

På den måten er håpet å vise fram det beste av vestnorsk matkultur, og aller helst lokke tyske turistar til Vestlandet.

Er ei av verdas største messer

Fire kokkar har sett saman smaksprøver som profilerer verdsarv, nasjonale turistvegar og gode matopplevingar i fjord-Norge. Frå Sogn og Fjordane er desse produkta representerte:

  • Karbonadar og reinsdyrmørbrad frå Jotunheimen produsert av Haugen gardsmat
  • Kvit og brun Undredalsost frå Undredalsbui
  • Eple og bringebærjuice, Plommedram, Sogn Aqua Vitae og Bringebær Eau de Vie frå Ciderhuset/ Balholm
  • Akevittmarinert laks frå Svanøy røykeri

Grüne Woche er ei av verdas største messer for mat, landbruk og hagebruk. Det er venta 1500 utstillarar frå 60 land og 5000 journalistar frå 70 land.