Hopp til innhold

Til åtak på teknologioptimistane

Forskar Carlo Aall skuldar deler av miljørørsla for å lure folk til å tru at ein kan sleppe å endre livsstil, og likevel berge klimaet.

Carlo Aall

TIL ÅTTAK: Forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall, meiner miljørørsla framstår som nyttige idiotar.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Åtvaringane mot global oppvarming blir stadig sterkare. Havisen smeltar, og meir og meir tyder på at verda ikkje greier å nå FN sitt togradarsmål.

Store delar av miljørørsla seier svaret er utbygging av meir fornybar energi, og at vi skiftar til klimavenlege løysingar som til dømes elbil.

– Det er eit grunt og historielaust resonnement. Dersom ein ikkje tek det innover seg, fryktar eg både miljøsida og forskarsida står fram som nyttige idiotar for dei som gir blaffen i miljø og klima, og berre vil halde fram som før, seier Carlo Aall, forskingsleiar og ekspert på berekraftig utvikling ved Vestlandsforsking.

Meiner Aall er den nyttige idioten

Salet av elbilar vart dobla i fjor. Aall meiner langt kraftigare grep som lågare forbruk, enklare liv og færre reiser må til for å berge klimaet. Han fryktar miljørørsla ikkje vågar å fortelje sanninga, i frykt for å støyte folk frå seg.

Holm Zero 2012

ZERO: Marius Holm.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Eg synest det er ein veldig underleg kritikk. Eg vil heller seie at han som forskar gjer seg til nyttig idiot for dei som ikkje vil ta klimaproblema på alvor, seier Marius Holm i Zero.

Miljøstiftinga Zero er ein av dei fremste premissleverandørane i miljødebatten. For dei har satsing på miljøvenleg forbruk som elbilar og utbygging av sol og vind erstatta den moralske peikefingeren.

– Vi klarar ikkje å løyse den største utfordringa i vårt hundreår dersom vi berre appellerer til menneske som ønsker å leve asketisk. Vi må bygge på den livsstilen nordmenn har. Den er i nokre tilfelle energisløsande. Med nye løysingar blir den energieffektiv.

– Ein umogleg miljøtanke

Over heile kloden ønsker menneske høgare levestandard. Aall meiner presset på naturen berre vil auke, og at den vestlege verda må legge om livsstilen for å oppnår rettvis fordeling og berekraftig utvikling.

– At klimanøytrale energikjelder skal gjere at heile verda kan ha norsk energiforbruk er ein umogleg miljøtanke. Det er rett og slett ikkje plass til at alle i verda har energiforbruket Noreg har, sjølv med klimareine energikjelder som solenergi, seier Aall.

– Det er ikkje nok energi dersom ein skal sløse. Det kan vil slutte med i den vestlege verda utan at det går utover levestandarden, til dømes med bustadar og elbilar som knapt nok brukar energi. Det er fullt mogleg å ha eit høgt velferdsnivå basert på effektive, sparsame og fornybare energiløysingar, svarar Marius Holm i Zero.