Hopp til innhold

Til Afrika for å velje prosjekt

To elevar frå Sogndal Vidaregåande skule er no i Sør-Afrika saman med rektor og eit par lærarar for å sjå på prosjekt som dei skal støtte ved hjelp av 200.000 kroner som elevane har samla inn.

Anna Heide

Anna Heide er ein av elevane som dreg rundt for undersøkje kva for eit prosjekt dei skal velje

Foto: Privat

Sogndal har ein vennskapskommune i Afrika, og elevane har engasjert seg der mellom anna etter inspirasjon frå Per Steinar Melås frå Leikanger som sjølv har utvikla eit hjelpeprosjekt i området Eshowe.

Vil sjå med eigne auge

Anna Heide, elev ved Sogndal Vidaregåande, seier dei vil gjere seg opp ei eiga formeining om kva for eit prosjekt dei skal støtte.

- Vi er her for å finne ut nøyaktig kva pengane skal gå til. Vi kunne gått gjennom andre kanalar som internett, og snakke med folk. Men det er jo så mykje korrupsjon, og så få du kan stole på, at vi tenkte det er best å dra ned sjølv for å undersøke.

Born i Eshowe

Born elevane møtte i Eshowe

Foto: Privat

- Vi reiser rundt og ser på forskjellige prosjekt vi kunne tenkt oss å støtte. Vi har vore i barnehagar og på barneskular. Dei treng å utvidast. Og dei treng eit matopplegg og sanitæranlegg.

Kva for eit prosjekt dei til slutt hamnar på vert vedteke når dei kjem heim.

- Vi dokumenterer veldig mykje. Vi filmar, tek bilete og noterer. Det er elevane, elevrådet og lærarane som skal ta avgjerda. Vi berre plukkar ut dei prosjekta vi meiner er best og presenterer det for dei andre.

God mottaking

Heide seier at dei blir svært godt motteke der dei kjem.

- Vi vert motteke som kongelege. Vi blir sett på som diplomatar frå Norge. I dag har vi møtt borgarmeistaren. Vi heng med guvernøren som igjen heng medpresidenten. Vi blir sett på som heltar som kjem. Vi kunne like gjerne vore Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg.

- Korleis opplever dykk å bli motteke på den måten ?

- Personleg syns eg det er litt ubehageleg. Fordi folk føler dei er underlegne. Dei som jobbar og serverer oss er jo svarte, og dei er veldig audmjuke og bukkar viss eg ser på dei. Eg syns det er litt småguffent. Men det er mange hyggelege menneske, og dei er imøtekommande.