Hopp til innhold

Tidobla resultat på eitt år

Fiskerikonsernet Domstein sat i 2010 att med 76 millionar kroner etter skatt, mot 7,4 millionar året før.

Domstein

GODT ÅR: 2010 vart eit godt år for fiskerikonsernet Domstein.

Foto: NRK

Domstein-konsernet presenterte i dag resultatet for fjerde kvartal i fjor, og eit førebels årsresultat for 2010.

Finansdirektør Keith Elliott seier forbetring i alle avdelingar er årsaka til det gode resultatet.

- Vi har betra kapasitetsutnyttinga i filetfabrikken i Måløy, auka aktiviteten på i Raudeberg og ferskfisktradinga i Trondheim har vesentleg forbetra resultatet gjennom auka sal av oppdrettstorsk, seier han.

Satsar vidare

Elliott meiner det er spesielt gledeleg med dobla driftsresultat for Domstein Fish som har avdelingar i Måløy, Raudeberg og Trondheim.

- Kva får dette resultatet å seie for konsernet?

- Det vil seie at vi i tillegg til sal av Norway Pelagic-aksjane som gav ein god kapitalbase, gjer at vi kan utvikle selskapet vidare. Vi har klare planer om at dagens aktivitetsnivå skal aukast merkbart dei komande åra. Dette vil ha betydning for Måløy og heile Domstein-konsernet, seier Elliott.

Spådd konkurs

Det er berre tre år sidan at ein av landets fremste analytikarar på fiskeaksjar, Klaus Hatlebrekke i DNB Nor Markets, spådde Domstein-konkurs innan 2010.

Elliott meiner tidobla resultat i fjor, i høve 2009, ikkje er noko svar på tiltale.

- Kjenner ikkje så mange som har spådd det med seriøsitet. Eg trur nok at dersom ein les resultat og balansen til Domstein, så skjønar dei fleste at det ikkje er noko tema, seier han.