Hopp til innhold

Tidlegpotetene er i rute - har ikkje teke skade av kald og våt mai

Medan potetbøndene på Jæren fortvilar over elendig sommar, gror tidlegpotetene i Lærdal som normalt.

Per Hjermann i gulrotåkeren

TIDLEG: Per Hjermann tok over garden etter faren Per S. Hjermann i 2007. Sjølv om mai månad har vore kald, er tidlegpotetene frå Lærdal i rute.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Når det gjeld poteter er vi i rute. Første opptaket blir mellom 15. og 20. juni, seier Per S. Hjermann.

Våren kom tidleg til Lærdal i år, og tidlegpotetene hamna i jorda 24. mars, på nøyaktig same dato som i fjor.

På Jæren har uvanleg store mengder nedbør sett potetbøndene ut av spel, og dei slit med å få sett siste rest av årets poteter i jorda.

Mai har vore ein katastrofe

Men tidlegpotetene i Lærdal har klart den kalde mai-månaden fint. Dei store nedbørsmengdene har ikkje lærdølene sett så mykje til.

– Mai har vore ein katastrofe. Det har vore veldig kaldt, og til å vere Lærdal har vi hatt ein del nedbør. Men vi har jo ikkje så mykje nedbør. Er det 10 millimeter ein dag, så er det mykje, seier Hjermann.

Lærdal er størst på poteter i Sogn og Fjordane og Hordaland, og tidlegpotetene frå Lærdal er ettertrakta vare.

I sesongen dekkjer lærdalslandbruket Norgesgruppen sitt marknadsbehov i bergensområdet både på tidlegpoteter og gulrot. I Lærdal er det om lag 20 bønder som dyrkar poteter.

Var framfor skjema, men no ligg dei på normalen

– Vi var veldig tidleg ute med setjinga i Lærdal i år. Etter påske rekna vi med at vi var ei veke eller to før normalen, men vêret har gjort at vi no ligg omtrent på normalen, seier Hjermann.

På garden til sonen hans på Stødno skal det takast opp vel 100 tonn tidlegpoteter i juni.

– Totalt i Lærdalsdalen er det snakk om 1.500 tonn poteter, seier Hjermann.

Mest uroa for morellane

Men sjølv om potetene gror, så er Hjermann likevel uroa for at kulden kan ha gjort skade. For morellane likar dårleg slikt vêr.

– Det ser ut som at bestøvinga har gått greitt, og at biene og humlene har gjort jobben. Men kva kulden etter knyting har gjort, veit vi ikkje. Det kan føre til at dei kastar karten, men det veit vi ikkje før rundt 1. juli, seier Hjermann.

Er nøgd, men overraska

Leiar i potetutvalet i Lærdal Grønt, Knut Eltun, stadfestar at potetbøndene i Lærdal er i rute.

– Eg er overraska, men eg var ute og sjekka seinast i dag. Og alt ligg til rette for opptak mellom 15. og 20. juni. Det er vi godt nøgde med, seier Eltun.

Han legg til at potetene ikkje treng så mykje varme.

– Og nedbør har vi ikkje så mykje av i Lærdal. Kollegaene våre lenger sør har hatt tøffe tider, seier Eltun.