Alv Ottar Folkestad. Arkivfoto
Ingenting er som før. Vintrane er prega av mildver framfor snø og kulde. Og no har sjølv trekkfuglane fått nye rutetider.
Fekk hakeslepp
Måndag såg mannskapet på ekspressbåten Solundir to tjeldar flyge framfor baugen like ved Rysjedalsvika i Hyllestad.
- Det var nesten som vi fekk hakeslepp, seier Udo Olsen.
- Du ferdast jo mykje langs kysten, og når er det vanleg å sjå tjelden?
- I slutten av april er det naturleg for oss å sjå tjelden i straumane rett nord for Bergen. Der går vi så sakte og då ser vi den lett. Då er våren komen. Så det var nesten slik at vi ikkje trudde våre eigne auge, dette er lovleg tidleg, humrar Olsen.
- Lurte av mildver
Også for naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad er tjelden eit sikkert vårteikn.
- Dette var svært tideleg og heilt uvanleg, er hans kommenter då NRK fortel han om observasjonen i ytre Sogn.
Tjelden overvintrar langs kysten av England og er ikkje vanleg å sjå i Norge før mot slutten av februar eller tidleg i mars. Folkestad har denne forklaringa på kvifor fuglen har forlete dei britiske øyane så tidleg.
- Dei ligg i startgropa og vi veit frå tidlegare at det er mildver og synnavind som utløyser trekka. Det var jo ein periode med nydeleg ver sør og sørvest for oss, så eg tippar at hormona har spelt dei eit lite puss. Dei har nok trudd at vi har kome lenger på året enn det vi verkeleg er.
- Klarer seg fint
- Korleis går det med desse fuglane viss det vert snø og frost igjen?
- Tjelden er såpass hardfør at han klarer seg nok. Han går i fjøra og kakkar laus skjel, så dei vil nok klare seg, forklarar Folkestad.
Fleire observasjonar
Også andre stader er det gjort observasjonar av trekkfuglar tidleg i år. På Floknes i Askvoll vart det sett tjeld 26. januar. På Hestnesøyra i Gloppen er grågåsa alt sett og i Svelgen synte linerla seg fram midt i sentrum 25. januar.