Blir ny kommunikasjonssjef på Slottet

Guri Ofstad Varpe er tilsett som ny kommunikasjonssjef ved Det kongelege hoff. Ho har 20 år bak seg frå kommunikasjonsfaget.

Ny kommunikasjonssjef på Slottet

KOMMUNIKASJONSSJEF PÅ SLOTTET: Guri Ofstad Varpe har tidlegare vore valkampsekretær i Sogn og Fjordane SV.

Foto: Det kongelige hoff Sven Gj. Gjeruldsen / NTB scanpix

46-åringen har og jobba innan organisasjonsliv, privat næringsliv, politisk verksemd og mediebransjen, opplyser Slottet.

Ho har tidlegare arbeidd som journalist i TV 2 og vore informasjonssjef i Arbeidsgiverforeningen Spekter. I perioden 1997–99 var ho tilsett i Sosialistisk Venstreparti.

Varpe vaks opp i Ålesund og Bodø, og er no busett i Oslo.

Ho er utdanna cand.mag. med faga historie og samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og er dotter til tidlegare Firda-redaktør Jarle Varpe.

– Det har vore stor interesse for stillinga med mange gode kandidatar, seier fungerande kommunikasjonssjef Ole Edvard Wold Reitan ved Slottet til Kampanje.

Guri Ofstad Varpe startar i den nye stillinga 1. juni og kjem frå stillinga som direktør i Burson-Marsteller der ho har leia medieavdelinga til PR-byrået. Ho tek over etter Marianne Hagen som i november i fjor vart statssekretær i Utenriksdepartementet.

Stillinga som informasjonssjef for Slottets kommunikasjonssjef er ei utfordrande oppgåve. PR-handteringa etter det nylege Se og Hør-oppslaget om Marius Borg Høiby har blitt kritisert av fleire ekspertar.

Fleire meinte kronprinsparet og kommunikasjonsavdelinga sjølve bidrog til å gi Se og Hørs framsideoppslag større merksemd, skriv Kampanje.