Hopp til innhold

Tidlegare redningsskipper til DN: – Eg kan ikkje forstå at dei gjorde det

I opp mot 15 meter høge bølger var cruiseskipet nær ved å gå på grunn. Mangeåring redningsskipper er kritisk til at skipet kryssa vêrharde Hustadvika.

Viking Sky

MYKJE VIND: Det var kraftige vindkast langs kysten i Møre og Romsdal denne helga.

Foto: Odd Roar Lange

– Eg kan ikkje forstå at dei gjorde det, seier Magne Sætren til Dagens næringsliv.

Den pensjonerte skipparen frå Måløy har mange år bak seg for Redningsselskapet og meiner vêret var for dårleg til at skipet burde krysse Hustadvika.

Det var dramatiske timar då cruiseskipet «Viking Sky» fekk trøbbel utanfor Romsdal på laurdag.1373 passasjerar var ombord og 474 personar blei evakuerte i helikopter under ein krevjande redningsaksjon.

Magne Sætren

RØYD SKIPPAR: Den pensjonerte skipparen Magne Sætren har opplevd mykje dramatikk på havet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Med denne vindstyrken låg alle andre i hamn, men dette skipet gjekk over ope hav, seier han til Dagens næringsliv.

Hurtigruten låg til kai på grunn av vêret på laurdag, og sendte passasjerane med med fly frå Trondheim til Bergen.

Skal gjere undersøkingar

Kommunikasjonssjef Marius Steen i Wilhelmsen Ship Management, som driftar båten, seier til Dagens Næringsliv at han ikkje vil kommentere kritikken frå Sætren. Han seier dei skal gjere undersøkingar for å finne ut kva som skjedde.

Kystverket stadfestar til Bergens Tidende at losane om bord ikkje hadde innvendingar mot at kapteinen ville krysse det vêrharde strekket.

Sundag ettermiddag ligg cruiseskipet til kai i Molde. Beredskapsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde er blant dei som har tatt turen til Molde for å snakke med mannskap og passasjerar. Ho vil ikkje spekulere i kvifor skipet kryssa Hustadvika i dårleg vêr.

– Det må vi komme tilbake til, seier ho til NRK.

Sjøfartsdirektoratet skal sundag om bord «Viking Sky» for å bidra med tekniske undersøkingar.