Årsaka er råstoffmangel og meir effektivt fiskeri og produksjon.
Tidlegare rekna fiskeindustriarbeidarane alltid med å ha arbeid fram til påske, uansett kva tid påska kom. Men no kjem altså dei første permitteringane i god tid før påske.
Ventar på makrellen
I mai var nær 90 personar permitterte i fiskeindustrien i Sogn og Fjordane. Men det reelle talet er nok vesentleg høgare, fordi arbeidarar utan fast tilsetting ikkje blir registrerte.
Tala for juni er ikkje klare enno, men Øvrebø seier det er svært stille i industrien no fram til slutten av august eller starten av september då makrellen kjem.