Hopp til innhold

Refsar Jotun for å ha svikta satsinga på ungar i eigen klubb

Jotun var for berre kort tid sidan Sogn og Fjordane sitt store flaggskip i handball. No står dei i reell fare for å forsvinne ut av det gode selskap.

Jarle Nundal og Jotun-spelarane

TUNGE TIDER: Jotun har opplevd svært mykje motgang denne sesongen. Tidlegare leiar Jarle Nundal meiner klubben har svikta på rekruttering av spelarar frå dei aldersbestemte klassane.

Foto: Sunniva K. Øvstetun / Porten.no

– Dei har over tid satsa altfor lite på aldersbestemt handball og rekruttering til seniorlaget. Dessutan må du ha ein organisasjon som er i stand til å følgje opp målsetjinga deira. Det kan hende Jotun har teke litt for lett på det dei siste åra, seier Jarle Nundal.

Jotun har gått på ti strake tap, og ligg med berre få kampar igjen av sesongen an til å rykkje ned frå andredivisjon. Det ville for berre kort tid sidan ha vore heilt utenkjeleg for laget som åt kirsebær med dei store klubbane i førstedivisjon.

– Det er trist å sjå at dei er på veg ned i tredjedivisjon etter så mange år i andre- og førstedivisjon, seier Nundal.

Etterlyser satsing på ungar og trenarar

Jarle Nundal sat som leiar i perioden frå 1995 til 2006, då Jotun spelte seg opp frå fjerdedivisjon og heilt opp til førstedivisjon for første gong. Engasjementet rundt årdølane var enormt, og klubben fylte tribunane til randa kvar gong laget hadde heimekamp.

No ser den tidlegare leiaren at klubben hans ligg nede med broten rygg.

– Det er trist, men det er ikkje noko krise. Dei må jobbe langsiktig og bli samde om vegen vidare, slik at dei igjen kan kjempe om å vere blant dei 25 beste laga i Norge. Men det er litt langt fram akkurat no, seier Nundal.

Han etterlyser sterkare satsing på unge spelarar og utvikling av trenarar.

– Det burde ha vore betre. For det viser seg at det er for lite rekruttering av eigne spelarar til seniorlaget. No er dei rett og slett ikkje klare for seniornivå når dei er gamle nok, meiner Nundal.

«Alt» har gått imot Jotun denne sesongen

Sesongen Jotun er i ferd med å leggje bak seg er blant dei største nedturane i klubben på svært mange år. Før sesongen var målet å kjempe om ein plass heilt i toppen, men slik gjekk det ikkje:

Først fekk klubben aldri lov av Utlendingsnemnda til å bruke Marija Mudronja og Sladjana Perazic, som dei hadde henta frå Montenegro for å styrke laget.

Deretter trekte nøkkelspelarane Marianne Stedje Øren, Ramona Szabo og Katalin Zamolyi seg etter misnøye med trenar Olafur Sveinsson.

Med få kampar igjen å spele har Jotun to poeng opp til trygg grunn på tabellen.

– Det er klart det er tøft. No må vi brette opp ermane og prøve å berge plassen i divisjonen. Vi skal gjere det vi kan for å nok poeng, seier Torstein Kvam.

Torstein Kvam på benken

MOTGANG: Sportsleg leiar Torstein Kvam lovar at Jotun skal gjere alt for å berge plassen i divisjon.

Foto: Truls Sylvarnes / Porten.no

Vedgår at det er tøft – men avviser krise

Den sportslege leiaren er klar på at sesongen aldri hadde blitt slik, hadde det ikkje vore for at Jotun ikkje fekk bruke spelarane frå Montenegro. No merkar dei også godt at tre nøkkelspelarar har slutta i protest.

– Jotun ser ut som ein klubb i oppløysing?

– Ja, det er klart. Vi har vore einarklubben her i krinsen og veldig oppegåande i mange år. Så vi må innrømme at vi er langt nede for augneblinken. Men årdølane er kjende for at dei kjem tilbake, og det gjer dei no også, seier Kvam.

– Er det krise i klubben?

– Nei. Det er det ikkje, og langt derifrå. Vi skal klare å løfte oss att, det er eg heilt overbevist om.

Tek sjølvkritikk på dårleg rekrutteringsjobb

Kvam meiner klubben må byggje opp att frå botnen om det skulle bli nedrykk til tredjedivisjon. Då er det også meir aktuelt å sleppe til yngre krefter.

– Men det er ikkje berre positivt i dei yngre klassane heller. Så vi har ein veg å gå, det er det ingen tvil om. Eg trur vi skal stikke fingeren i jorda og få opp rekrutteringa i eigen klubb. Det er nok vegen å gå, seier han.

– Har de ikkje vore god nok på den aldersbestemte handballen?

– Nei. Det har nok vore eit forsømt kapittel. Spesielt på trenarsida, det er det ikkje tvil om. Spelarmateriellet er der, men vi har nok ikkje vore flinke på trenarsida.

– Er organisasjonen god nok?

– Ja, det er det ingen tvil om. Styret i seniorgruppa er det beste styret eg har sett på dei åtte åra eg har vore med. Så det er ikkje der det ligg, meiner Kvam.

Botnstriden i 2. divisjon kvinner

LANGT NEDE: Så langt nede på tabellen har du ikkje sett Jotun på svært mange år. No ser det mørkt ut med tanke på å overleve i andredivisjon.

Foto: Skjermdump frå handball.no

Ber klubben om å jobbe knallhardt og langsiktig

Jarle Nundal meiner haldningane og kulturen framleis sit i veggane på klubbhuset til Jotun. Han trur det er lite som skal til for å få skuta på rett kjøl igjen.

– Men då må ein ha eit apparat rundt klubben som tenkjer litt langsiktig. Det er ikkje gjort over natta å byggje opp igjen og spele på det nivået vi var, seier han.

– Dei må vere tolmodige og jobbe knallhardt i aldersbestemte handball, så trur eg det er fullt mogleg å få eit stabilt lag i 2. divisjon – og gjerne også 1. divisjon. For kulturen er nok der, seier Nundal.