– Det er kamp på laurdag alt, og eg håpar på speletid, seier Kjetil Wæhler til NRK i gangane på Fosshaugane Campus, torsdag ettermiddag.
Klubben har ikkje stadfesta overgangen enno, men Wæhler føler seg sikker på at overgangen går i orden. Også på Norges Fotballforbund sine nettsider står Wæhler registrert som Sogndal-spelar. Det same gjeld Næss Lund.
Til Eurosport.no seier Wæhler at han har skrive under ein kontrakt ut sesongen.
- Les også:
Gått fort
Wæhler har blitt 41 år gammal, la opp som fotballspelar etter førre sesong, og vert Sogndal-spelar på rekordtid.
– Eirik Bakke ringde meg måndag, så kom eg til Sogndal i går og trena med laget i dag, seier Wæhler.
Han har 32 landskampar for Norge og har tidlegare spelt for Lyn, Wimbledon, Moss, AaB, IFK Göteborg og Vålerenga. Denne sesongen har han vore ekspertkommentatort for Eurosport.
Sjølv om han ikkje har spelt fotball i år har han ikkje lege på latsida.
– Eg har halde meg i form, og fotball ligg i kroppen. Det var litt uvant å spele på stor bane att, men det kjennest bra, seier han.
– Speler du mot Viking på laurdag?
– Det får du ta med Bakke, men eg er klar for å bidra både på og utanfor bana, svarar han.
Skadekrise
Sogndal har Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyché, som er dei to faste midtstopparane, ute med langtidsskadar. I tillegg vart ungguten Ulrik Fredriksen utvist i førre kamp og kan ikkje spele i helga. Det betyr at 20-åringen Per-Magnus Steiring er det einaste alternativet i midtforsvaret.
Sidan overgangsvindauget er stengt kan Sogndal berre hente kontraktslause spelarar.
Espen Næss Lund spelte for Sogndal frå 2011 til 2013, i tillegg til at han har spela for Kristiansund, Strømmen, FK Tønsberg og Vålerenga. Førre sesong var han med på laget til Kristiansund som rykka opp til eliteserien.
Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med verken trenar Eirik Bakke, sportssjef Håvard Flo eller dagleg leiar Egil B. Mundal