Hopp til innhold

Tidlegare kriminell fekk nytt håp for framtida etter straffegjennomføring

LOEN (NRK): – No er eg positiv til framtida, og livet mitt mykje betre enn tidlegare. Eg tenkjer før eg handlar uansett kva det gjeld, og ser kva som er rett og gale.

Ungdomskordinator og ungdom

STOLT: Jane Heggheim er stolt over utviklinga til ungdomen, som har gjennomført ei straffegjennomføring etter ei kriminell handling.

Foto: Linda Watten / NRK

Ungdomen som er anonymisert her, har hatt oppfølging i regi av Konfliktrådet etter å ha gjort ei kriminell handling

– Eg var ganske heldig som fekk den sjansen, så eg er svært takksam, seier han.

Han blei teken for tjuveri og skadeverk, men i staden for å få ein ordinær straffereaksjon fekk han moglegheita til å koma inn i konfliktrådet på vilkår.

– Denne straffegjennomføringa er ein tredelt prosess der han har eit møte, signerer ein plan, og gjennomfører oppfølgingsmøtet på den gjennomføringstida han har, seier Jane Heggheim.

Teamet

Heggheim er ungdomskoordinator i Konfliktrådet, og har følgt ungdomen saman med eit team som består av lærar på VGS, Ingebjørg Byrknes, og politi i Vest Politidistrikt, Jorun Furuheim.

– Teamet eg hadde rundt meg då eg gjennomførte dette hjelpte meg mykje. Dei gav meg tillit, og var det noko så kunne eg berre ringe. Eg hadde også ein annan i teamet som var med meg heile tida på hybelen min, og hjelpte meg så eg skulle koma på rett veg att, seier ungdomen.

– I eit sånt opplegg er det veldig viktig at me jobbar i eit tverrfagleg samarbeid. Me har ein unik sjanse til å jobba mot eit felles mål og det er det svært stor effekt av, seier Furuheim.

Delar av teamet rundt ungdomen

TEAM: Delar av temaet ungdomen hadde rundt seg under oppfølging i Konfliktrådet. Frå venstre: Politistudent Mathias Fjæren Kverne, lærar Ingebjørg Byrknes, ungdomen, ungdomskoordinator Jane Heggheim, førebyggjande koordinator i Politiet Odd Helge Vågseth, og politi Jorun Furuheim.

Foto: Linda Watten / NRK

Sjølv om det er eit team som hjelper ligg ikkje den største jobben hjå dei.

– Me må presisere at den viktigaste jobben er det ungdomen sjølv som gjer. Det hjelp ikkje at me seier kva han skal gjere, men at ungdomen sjølv forstår at dette er viktig for han.

Møter fornærma

I gjennomføringsperioden blir ungdomen kartlagt, og det blir funne tiltak som han kan ha stor nytte av.

– Ungdomen møter også den fornærma og må med eigne ord fortelje kva han har gjort. Det kan vere ei tøff oppleving, men gjer ro seinare, seier Heggheim.

– Det var skremmande, men godt å få det gjennomført. Det fekk meg til å tenkje over kva eg hadde gjort, seier ungdomen.

Konferanse

FULL SAL: Jane Heggheim informerte om straffegjennomføringa ungdomar som har utført ei kriminell handling kan få i staden for dom under konferansen Forum for rus og psykisk helse, i Loen.

Foto: Linda Watten

Framtida

Ungdomen har gjennomført dei ti månadane av straffegjennomføringa, og ser no framover.

– No skal eg fullføra skulen, bli lærling, og deretter ta to fagbrev på tre år, seier han entusiastisk.

Heggheim er stolt over utviklinga til ungdomen, og den han no er blitt.

– Då han kom til meg fyrste gong var han slettes ikkje så rak i ryggen som han er i dag. Det er fantastisk å sjå korleis han har teke seg inn på alle arenaer.