NRK Meny
Normal

Tidlegare Helse Førde-tilsett må i fengsel

Ein mannleg tilsett i helsevesenet i fylket er dømd til seks månaders fengsel for seksuelt krenkande åtferd overfor mindreårige, samt oppbevaring av overgrepsbilete av barn.

Vedkomande var tilsett i Helse Førde, men jobbar ikkje der lenger. Statens helsetilsyn har no tilbakefalla autorisasjonen til mannen.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen ser svært alvorleg på saka, som starta med ei uromelding ifrå den tidlegare arbeidsgjevaren, Helse Førde.

Skjedde på fritida

Jacob Andersen

IKKJE AKSEPTABELT: Det meiner assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Truleg har ikkje noko av det mannen er dømd for, skjedd på jobb.

– Det går ikkje fram av saka at det har skjedd som ledd av ei pasientbehandling. Etter det eg er informert om har det skjedd på fritida, seier Andersen.

Sjølv om dei straffbare handlingane skjedde på fritida, seier Andersen dei slett ikkje passar saman med arbeid i helsevesenet.

– Det blir gjort ei konkret vurdering om dette er så risikabelt overfor pasientane at personen ikkje er skikka til å jobbe som autorisert helsepersonell, seier han.

Det går ikkje fram av saka at det har skjedd som ledd av ei pasientbehandling

Uakseptabel åtferd

I skrivet frå Statens helsetilsyn, som NRK har fått delvis innsyn i, står det at åtferda «avviker betydelig fra de krav som må stilles til autorisert helsepersonell».

Mannen er no dømd til seks månader i fengsel og har mista autorisasjonen. Helsetilsynet si grunngjeving er at personar med hans autorisasjon kan utgjere ein fare for pasienttryggleiken, då dei handlingane vedkomande er domfelt for, viser manglande dømmekraft og er i strid med allmenne etiske normer.

Statens helsetilsyn meiner dette gjeld, sjølv om handlingane ikkje er utført i samband med yrkesutøvinga. Der går det fram at personen, etter straffelova, er dømt til seks månader fengsel for å overgrepsbilete på datamaskina si og for å ha krenka mindreårig seksuelt.

– Det går fram at personen også har brote teieplikta, men vi har vald å ikkje gå nærare inn i den saka fordi dei andre tinga er såpass alvorlege at dei i seg sjølv medfører tap av autorisasjon, seier Jacobsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.