Hopp til innhold

Han vil ha storfylke på nordvestlandet

Dersom Møre og Romsdal skal slå seg saman med nokon, må det vere med Sogn og Fjordane. Det seier Ottar Befring, tidlegare fylkesmann i nordfylket.

Ottar Befring

FRAMTIDSRETTA: Ottar Befring, tidlegare fylkesmann i Møre og Romsdal, trur på eit sterkt nordvestlandsfylke med Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Jølstringen Ottar Befring sat som fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2002 til 2009. Han meiner Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er like på mange felt og at ei samanslåing av dei to fylka ville fungere godt.

– Dersom Møre og Romsdal skal slå seg saman med andre, så er mitt syn først og fremst at fylket må vere samla, og så ser eg sørover mot Sogn og Fjordane. Då skal det også vere eit samla Sogn og Fjordane som slår seg saman med Møre og Romsdal, seier han.

– Eit stort nordvestlandsfylke

Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding der det blir skissert at vi skal gå frå dagens 19 fylke til om lag ti. Det blir lagt opp til at fylka skal gjere vedtak om samanslåing allereie innan desember i år, og at dei nye regionane formelt skal tre i kraft innan første januar 2020.

Befring meiner eit nytt storfylke med Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil vere framtidsretta.

– Då vil det bli eit stort nordvestlandsfylke som har gode moglegheiter til å fungere godt saman. Eg tenkjer då både på det menneskelege, på industri og på næringsaktivitet. Det vil vere eit godt kompaniskap som vil vere framtidsretta, seier han.

Aasen: – Urealistisk

Noverande fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen frå Arbeidarpartiet, meiner det er lite realistisk at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane blir slått saman.

Jon Aasen

VEDTAK I RYGGEN: Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, seier han no har eit fylkestingsvedtak i ryggen som seier at dei skal ta nabopraten med mellom anna Sogn og Fjordane.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg ser det som ganske urealistisk å slå saman Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Særleg med dei signala som Sogn og Fjordane har sendt oss gjennom Vestlandsrådet. Det er Hordaland som er deira førsteval. Dei vil nok gjere også ha med Møre og Romsdal, men det er gjerne fordi dei ikkje vil vere utkant åleine.

– Vi skal ha samtalar med Sogn og Fjordane, så dette skal vi få tid til å diskutere, legg Aasen til.

Følling: – Har ikkje fått svar

Jenny Følling

VIL TA PRATEN: Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, seier dei heile tida har vore tydelege på at dei vil ta nabopraten med Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane for Senterpartiet, stiller seg undrande til signala frå Aasen.

– Vi har sendt førespurnad til Møre og Romsdal om at vi vil føre samtalar med dei. Førebels har vi ikkje fått svar frå fylkesordføraren. Vi er budde på å ha nabosamtalar med dei, det har vi også starta med Hordaland og Rogaland, seier ho.

Opplever du det slik at det er ei kald skulder frå Møre og Romsdal?

– Førebels har det vore det. Fylkesordføraren har vore tydeleg på at dei ikkje ønskjer å vere med på dei samtalane.

Vil ta praten

Aasen meiner på si side at han har gitt klare signal til Sogn og Fjordane i munnleg form.

– Det er heilt riktig at vi har fått ein førespurnad frå Sogn og Fjordane. Men det var før eg hadde eit fylkestingsvedtak som eg kunne følgje opp. No har eg eit vedtak som seier at vi skal ha samtalar med Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Oppland. Eg har orientert fylkesordføraren i Sogn og Fjordane munnleg om at ein slik førespurnad kjem, seier han.

Befring åtvarar Sogn og Fjordane mot å sjå sørover i staden for nordover.

– Det blir mykje verre for Sogn og Fjordane viss dei går sørover til Hordaland, og kanskje Hordaland og Rogaland. Det vil bli yttarst vanskeleg for Sogn og Fjordane å bli høyrde der, seier han.