Den tidlegare fotballproffen har kasta seg inn i kampen for meir informasjon om følgjene av lagring av gruveavfall i både Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark.
Vegard Heggem fryktar følgjene eit fjorddeponi kan ha for viktige næringsdyra for laksen.
– Tunge vitskapelege tidsskrift dokumenterer kor viktig dei første timane er etter at laksen reiser frå elva og ut i saltvatn. Den beiter med det same på ulike næringsdyr i fjordmunningen og elvemunningen, seier han.
Får kritikk
Ordførar Håkon Myrvang (Ap) er som einaste bidragsytar skulda for å drive valkamp og propaganda om Engebø-prosjektet i siste utgåva av den kommunale informasjonsavisa K-posten.
– Her er det ei einsidig framstilling av to saker, ut ifrå ordføraren sitt eige standpunkt, seier Ole Erik Thingnes i Naustdal SV.
– Korleis dette blir oppfatta vil variere frå person til person. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar, svara Myrvang.
– Openberre manglar
Men også Heggem i Norske lakseelvar og leiar Eiliv Erdal i Nausta Elveeigarlag reagerer på det som i informasjonsbladet blir skildra som uproblematisk for villaksen og eit godt miljøprosjekt.
– Det er gjort ein liten undersøking som gjeld utvandring av smolt. Der seier NINA at dei skulle hatt meir tid og pengar til ei grundigare undersøking, seier Erdal og får støtte frå Heggem.
– Spesielt med tanke på at dette er ein nasjonal laksefjord, så er det openberre manglar med følgjene for tidlegbeitinga til fisken, seier han.
Ynskjer svar
Prosjektleiaren i Norske lakseelvar har gjennom kronikkar, epostar og i direktesamtalar bede Miljødirektoratet om svar på kva følgjer fjorddeponi får for laksen si tidlegbeiting. Førebels har han ikkje fått svar.
Førdefjorden er ein av 29 nasjonale laksefjordar som vart oppretta for å særskilt beskytte villaksen.
– Det er lagt vekt på at laksen går høgt og raskt ut fjorden. Ikkje kva følgjer eit fjorddeponi kan få for alt frå insekt, krepsdyr og ikkje minst fiskelarven som er viktigast for laksen, seier prosjektleiaren.
Sterk tilbakegang
Heggem viser til at villaksen, som er eit av Norges viktigaste symbolartar, har hatt sterk tilbakegang i Norge. Siste 30 åra stammen meir enn halvert.
Havforskingsinstituttet har uttala seg kritisk, det gjorde også Miljødirektoratet til dei etter kvart fann det samfunnsøkonomisk tilrådeleg med eit fjorddeponi.
– Tilgang på fiskelarver og krepsdyr i fjordane har ein dokumentert samanheng med kor mange villaks som overlever den lange sjøvandringa og kan vende tilbake som gytemoden individ som skal reprodusere stammen, seier Heggem.
Informasjonsbehov
– Det er eit stort gapande informasjonshol som gjeld utvandrande smolt. Ikkje undersøkingar på følgjer dersom det skjer noko der ute i samband med avfallet. Dersom det blir mindre næringstilgang for utvandrande smolt, seier Erdal.
– Vi har hatt villaksen i tusenvis av år i Naustdal. Det vil vere synd om eg skulle oppleve slutten for den. Sjølv ordføraren meiner å kjenne framtida, så er det ingen som veit kva som skjer. Utan undersøkingar, så kan ingen konkludere, avsluttar han.