Det mykje omtala Astrup-biletet som ein jølstring kjøpte på hittegodsauksjon, er truleg ein kopi måla av Harald Seim frå Florø. Men det dempar ikkje interessa for måleriet. Ei trondheimskvinne Åse Øiaas går no rettens veg for å få att måleriet, som ho hevdar å ha eigd i 20 år til det vart stole på ein busstur.
-Har krav på det
- Dersom det verkeleg vart stole, har ho krav på det, og ikkje jølstringen som kjøpte måleriet på hittegodsauksjon, seier Sæbø. For lova om at ein eig det ein har kjøpt i god tru gjeld ikkje når ein gjenstand er stolen.
Kvinna har truleg ei god sak dersom ho kan prove at det var dette biletet ho eigde. Men dersom jølstringen vil kjempe for å behalde biletet, kan han spørje om kvinna passa for dårleg på måleriet då det vart vekke. Professoren trur likevel at jølstringen må gje frå seg Astrup-biletet.