NRK Meny
Normal

Tidlegare direktør nektar for at han tok med seg hemmelege data

Den tidlegare direktøren i dataverksemda Enoro er skulda for å ha teke med store mengder sensitiv informasjon ut av bedrifta. No nektar han for alle påstandane.

Det same gjer dei to andre, tidlegare tilsette i Enoro som også er skulda av verksemda for "datatømming" før dei forlét selskapet. Dei tre mennene jobbar no i same gründerverksemd, som Enoro meiner er ein konkurrent.

– Mine klientar tilbakeviser alle påstandane frå Enoro, utover det vil vi ikkje kommentere saka no, seier advokaten deira, Christian B. Hjort.

I slutten av mars fekk Enoro medhald frå Fjordane tingrett i å ta beslag i ei rekkje dokument, datamaskiner, telefonar og anna frå dei tre tidlegare tilsette. Sjølv om dette ikkje er ei politisak, var det dei som rykte ut til tre ulike stader samstundes for å sikre moglege bevis.

Enoro

TOPPSJEF: Anders H. Lier er konsernsjef i Enoro, og stadfestar at dei no er i ein rettsprosess mot tre tidlegare tilsette.

Foto: Geir Ivar L. Ramsli / Enoro

Enoro meiner at dei mellom anna har:

  • Sletta store mengder epostar frå ulike servarar
  • Lasta ned og teke med seg sensitiv informasjon ved bruk av mellom anna Dropbox
  • Teke med seg Enoro sine tilbodsdokument til ulike kundar

Konsernsjef i Enoro, Anders Haakon Lier, stadfestar at dei framleis held oppe skuldingane mot eksdirektøren og to andre sentrale eks-tilsette. Han vil ikkje lenger kommentere saka offentleg, men han har tidlegare sagt følgjande:

– Eg kan stadfeste at vi har initiert ei vurdering av vår rettsstilling, knytt til det vi meiner er misbruk av forretningssensitiv informasjon. Vi har hatt ein klar mistanke om ulovleg lagring av informasjon frå vedkomande, seier Lier til NRK.

Seinare i vår møtes partane i Fjordane tingrett i to dagar, dersom det ikkje blir inngått forlik før rettsmøtet. Lier i Enoro har tidlegare slått fast at dei vurderer å ta ut sivilt søksmål mot den tidlegare direktøren og dei to andre tidlegare tilsette.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser