Hopp til innhold

Tidlegare Bundesliga-spelar viser seg fram i Sogndal

Isaac Vorsah (28) frå Ghana er denne veka på prøvespel i Sogndal. På CV-en har han over 100 kampar i Bundesliga og 40 landskampar.

Angola African Cup Soccer

LANDSLAGSSPELAR: Isaac Vorsah i aksjon for landslaget til Ghana, men dei siste sesongane har vore prega av lange skadeavbrekk.

Foto: Darko Bandic / AP

– Han skal trena med oss til fram til fredag, men det er ingen tvil om at han har ein imponerande CV, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Vorsah har tidlegare spelt i storklubbar som Hoffenheim i tysk Bundesliga, og har dei siste sesongane vore ein del av Red Bull Salzburg sin stall i Austerrike.

For landslaget til Ghana har han spelt 40 kampar og var på bana i heile kampen då dei spelte kvartfinale i VM i Sør-Afrika i 2010. Der tapte dei på straffespark mot Uruguay, i kampen som vert best huska for at Luis Suárez redda ballen på streken med hendene i siste speleminutt, og Ghanas Asamoah Gyan bomma.

Lang skadeliste

Grunnen til at han no er i Sogndal for å vise seg fram, heng mykje saman med skadehistorikken hans. Dei siste fire åra har han spelt under 20 kampar for klubblaget, grunna lange skadar.

Håvard Flo

VIL TA SEG TID: Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, seier klubben vil ta seg god tid før dei eventuelt signerer nye spelarar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er noko vi har fått med oss og som vi må ta med i totalvurderinga, men dei skadane han har hatt skal ha blitt lækt, seier Flo til NRK.

– Har Sogndal råd til ein spelar som har ein slik CV?

– I utgangspunktet er det utfordrande å få ein spelar med ein slik CV til Sogndal, men det er mange spelarar som er på utgåande kontrakt og på jakt etter ny klubb. Ein imponerande CV betyr ikkje alltid at det vert for dyrt, seier Flo.

Jaktar ny midtstoppar

Etter førre sesong vart det klart at Sogndal mista den rutinerte midtstopparen Hannu Patronen, og det er ein posisjon dei er på jakt etter å forsterka før sesongstart. 28-åringen frå Ghana er nesten to meter høg, har drøssevis med internasjonal erfaring i bagasjen og er midtstoppar.

– Før han eventuelt vert tilbydd ein kontrakt, må vi sjå han lengre enn fire-fem treningar. Går alt bra denne veka vil han høgst sannsynleg få tilbodet om å trena med oss i ein lengre periode også, så vi får testa han i kamp, seier Flo.

Tidlegare i dag vart det klart at Sogndals andrekeeper, Stefan Hagerup, skiftar klubb. I tillegg har Rune Bolseth lagt opp, samt at spelarar som Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo, Jukka Raitala, Peter Aase og Ruben Holsæter er vekk.

– Vi driv med spelarlogistikk heile året og det vil nok skje fleire ting på den fronten inn mot sesongstart, utan at eg vil gå meir inn på det no, seier Flo.

Neste test for Sogndal er treningskamp mot Florø, laurdag klokka 14.00 i Sognahallen.