NRK Meny
Normal

Tidlegare Ap-topp refsar fylkespolitikarane hardt

Tidlegare statssekretær for Arbeidarpartiet, Tord Dale, meiner at det er på høg tid at fylkestinget vedtek å selje den store eigarposten i Fjord1. Han meiner at fylkespolitikarane ikkje er proffe nok som eigarar.

Tord Dale

REAGERER HARDT: Tord Dale meiner fylkespolitikarane ikkje er gode nok som profesjonelle eigarar av Fjord1.

Foto: NRK

– Om ein skal eige eit selskap så må ein la selskapet styre sjølv og halde fingrane unna, seier Tord Dale til NRK.

Den tidlegare Ap- politikaren er no leiar i Maritimt forum. På Facebook i dag lenka han til NRK si sak om gårsdagens maratonmøte mellom fylkespolitikarane og Fjord1, og kommenterte:

«Fylkestinget har no demonstrert at dei ikkje er ein kompetent eigar, dette må vere spikaren i kista for det fylkeskommunale eigarskapet»

– Eit teikn i tida

Til NRK utdjupar han at han meiner at det viktigaste er at styret og eigaren er omforent om kva retning selskapet skal ta.

– Det ser vi at dei ikkje er her, og det er eit teikn på at tida for fylkeskommunal eigarskap må vere forbi. Ein kan ikkje drive eit stort selskap som er ein så tøff global konkurranse, om ein ikkje har ein tydeleg, profesjonell eigarstyring, meiner Dale.

Dale var samferdselspolitikar for Arbeidarpartiet i fylkestinget i ei årrekkje. Seinare var han politisk rådgjevar og statssekretær i mellom anna Kystdepartementet. No leiar han Maritimt forum, interesseorganisasjonen for heile den maritime næringa i Noreg.

Dannar arbeidsgruppe

I går sat fylkespolitikarane og Fjord1-styret i møter med seg sjølv og kvarandre i 7 timar. Styret vil nemleg fusjonere med konkurrenten Norled.

Konklusjonen etter maratonmøta i går var at dei skal gå saman i ei arbeidsgruppe for å kunne snakke betre saman. Slik fylkesordførar Åshild Kjelsnes forklarte i går. Ho vil ikkje stille til intervju i dag, og grunngjev det med at ho vil bidra til mest mogleg ro.

Til påstanden frå partifelle Dale om at dei er inkompetente eigarar, seier ho at det får ettertida vise. Men fleire har lurt på kva som skjer med intensjonsavtalen om fusjon. Fjord1-styreleiar Reidar Sandal sa i går kveld at han meiner den får leve vidare.

– Fusjon er farbar veg

Etter det NRK forstår har fylkespolitikarane og Fjord1-styret gjeve seg sjølve ein timeout med denne arbeidsgruppa.

Det vil seie at intensjonsavtalen får leve inntil vidare. Samtidig går prosessen med eventuelt sal av Fjord1 også vidare. Tord Dale i Maritimt forum meiner det var klokt å ta seg ein pust i bakken.

– Eg meiner at den prosessen ein sette i verk med ein fusjon og tenke langsiktig framover og korleis ein skal takle internasjonal konkurranse er ein farbar veg, seier Dale.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.