– Det er kanskje på tide vi får ei motvekt til toppfotballen, seier krinsformann og leiar i panelet, Geir Narvarsete. Det trur han vi får gjennom årets 3. divisjon. Foto © NRK.
Fotballpanel
-Eg trur dommarstanden vil merke at det blir meir trøkk på tribunene i år, seier tidlegare Sogndal-spelar og talentutviklar i fotballforbundet, Stig Nord. Saman med Navarsete og sportsjournalist Stig Roger Eide i Firda utgjer han NRK Sogn og Fjordane sitt fotballpanel.
Tips-tabell
Etter lange diskusjonar har dei tre sett opp tabellen slik dei trur den vil sjå ut ved sesongslutt. Vi presenterer eitt lag kvar dag, og startar på botnen av tabellen. Kven dei trur vil gå heilt til topps, blir presentert på internett, i morgonsendinga og ettermiddagssendinga dagen før alvoret tek til.
Fylkesdivisjon
– For første gong på lenge kan vi med rette snakke om ein fylkesdivisjon, sjølv om paradokset er at avstanden opp til Sogndal aldri har vore større. Men interessa skal vi i alle fall ikkje tvile på – den er absolutt til stades, seier Stig Roger Eide.
Tidlegare sesongar har enten Førde, Stryn, Tornado, Jotun, Fjøra eller Florø vore oppe i 2. divisjon. No er alle dei lokale flaggskipa samla i 3. og det vil heve nivået på avdelinga.
Tøff matching
– Det legg alt til rette for at det laget som vinn i år greier det siste steget i kvalifiseringa til 2. divisjon. I fjor såg vi at Jotun vann tosifra i kampane før kvalliken, og det er ikkje ideelt. No får dei tøffare matching gjennom heile sesongen, og det gjer dei betre rusta til kvalifiseringsspelet, seier Stig Nord.
Kven fotballpanelet trur får sjansen til å prøve seg, får du vite på NRK Sogn og Fjordane før seriestart. Nedtellinga er alt i gang.