Her har dei slege alle rekordar i april og mai

Årets april og mai har slege alle tidlegare rekordar for cruiseanløp i Flåm. Før cruisesesongen har starta skikkeleg har 52.000 passasjerar trådd landgangen inst i Sogn.

«Independence of the Seas» i Flåm

KLAPPAR TIL KAI: Av dei 36 skipa som la til kai i Flåm i april og mai, var ti på meir enn 92.000 br. tonn, noko som gav 52.000 passasjerar. Her ligg 'Independence of the Seas' til kai.

Foto: Arne Veum

– Bestillingane neste år følgjer same mønsteret. Vi får ein ny sesong med tidleg rush frå sjøsida, seier driftsleiar i Flåm Utvikling, Sivert Bakk til Sogn Avis.

Og med god trafikk langs kaien i Flåm, blir det også folksamt på Flåmsbana. At cruiseskipa finn vegen til Flåm, er ikkje uventa.

– Alle kan ikkje vere i Middelhavet, difor blir fleire skip flytte nordover. Samstundes veit operatørane at vi er klare på landsida her nord, seier Bakk til avisa.

Må seie nei til cruiseskip

Flåm ventar 230.000 cruiseturistar til bygda i år. Tidlegare i år kom det fram at talet kunne vore langt høgare dersom dei ikkje hadde sett seg nøydde til å avvise fleire cruiseskip på grunn av både hamnekapasitet og infrastruktur på land.

Men likevel knuser dei framleis rekordar når det gjeld besøk.

Sesongen veks i begge endar

Medan cruiseskipa før ofte kom midt på sommaren, startar cruisesesongen no i april og strekkjer seg heilt til hausten. Flåm tilpassar seg denne trafikken.

– Vi ser potensialet i april og oktober. På ti-tolv år er sesongen strekt ut med éin månad i kvar ende, seier Bakk.

Det betyr at ein må halde oppe driftsnivået, samtidig som det også får følgjer for drifta av Flåmsbana.