Hopp til innhold

Tidenes år for fiskarane

Allereie i oktober passerte Vest-Norges Fiskesalslag omsetnadsrekorden på 500 millionar kroner frå fjoråret.

Fiskebåtar ved kai i Kalvåg

REKORDSTOR FANGST: Fiskebåtane i Sogn og Fjordane har hatt eit godt år. Vest-Norges Fiskesalslag har aldri hatt så store inntekter før.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Det har vore eit veldig godt år. Det beste i historia, og den går tilbake til 1946, fortel leiar i fiskesalslaget, Magnar Aasebø.

I heile landet melder salslaga for fiskarane om rekordstor omsetjing av fisk. Valutasituasjonen, med ei svak norsk krone, kombinert med dyrare fiskeslag er noko av bakgrunnen for rekordane. Fiskemengda på 35 000 tonn er om lag som i fjor.

Glad for at situasjonen har snudd

– Vi slår fjoråret med 100 millionar kroner, og i år kjem omsetnaden opp i 600 millionar kroner, fortel Aasebø.

Totalt har det blitt eksportert sjømat for 67,3 milliardar kroner i 2015, skriv Dagens Næringsliv. Etter nokre treige år er han glad for at situasjonen til fiskerinæringa har snudd.

– I kvitfiskindustrien og -næringa er dette gledeleg, treng det og. Det har vore nokre vanskelege år. Tidlegare har det vore krevjande å få balanse i drifta av fiskebåtane. Flåten treng det året vi har hatt no, seier Aasebø.

Han ser også lyst på det komande året.

– Så lenge kronekursen er låg vil prisen halde seg, meiner fiskesalsleiaren.