Hopp til innhold

Tida spelte på verket si side

Straumstansen i Høyanger torsdag kveld førte til alt hell ikkje til alvorlege problem for metallverket til Hydro.

Hydro Høyanger-arbeidar

KORT STANS: Straumen av flytande aluminium til støyperiet på Hydro Høyanger kom i gang att etter ein time.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Straumbrotet i Høyanger torsdag kveld var ikkje så langvarig at det var alvorleg for aluminiumproduksjonen til Høyanger Verk.

Produksjonen var ute i nesten ein time på grunn av straumbrotet i 20-tida. Sjølve straumutfallet varte i ti minutt.

Støyperisjef og assisterande fabrikksjef Ann Øygård seier at så korte utfall ikkje er kritisk for produksjonen.

– Innanfor den tidsramma vi hadde i går handterte vi det greitt. Vi har vaktordning på plass, og vi etablerte oss fort, så dette er vi godt drilla på. Men hadde stansen vart vesentleg lengre, så hadde vi hatt problem.

Ann Øygård

– GODT DRILLA: Støyperisjef Ann Øygård.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

For eit aluminiumverk er det alvorleg dersom omnane blir utan straum over lengre tid. Då Hydro Årdal var utan straum i bortimot tre timar i januar 2016 var det nære på at metallet størkna i omnane.

Sjølv om dei unngjekk den store katastrofen vart ti prosent av omnane i Øvre Årdal sette ut av spel, og det heile kosta Hydro mange millionar kroner.

Feil hjå Statnett

Sjølv om straumbrotet i Høyanger torsdag kveld varte berre ti minutt tok det tid før dei fekk produksjonen i full gang att.

– Det tek litt tid før vi får køyrt opp anlegget att og får i gang alt utstyret i produksjonen, så det tok vel ein times tid før vi var fullt oppe igjen.

Det var ein feil hjå Statnett som gjorde at heile Høyanger, medrekna Hydro Høyanger, vart mørklagt, seier Ann Øygård.

– Sjølve årsaka ligg utanfor Hydro sitt anlegg, så vi er veldig avhengige av Statnett.