NRK Meny
Normal

Tida renn ut for lokale filmtalent

- Vi har fått inn mange filmar, men ventar på fleire, seier Q-filmsjef, Thomas Hovlandsvåg.

Aleksander Sundal og Thomas Hovlandsvåg

Nestleiar Aleksander Sundal og festivalsjef Thomas Hovlandsvåg ser veldig fram til ein ny runde med Q-film

Foto: Pressefoto

Fredag 30. oktober går fristen ut for å levere inn kortfilmproduksjonar til den årvisse Q-filmfestivalen på Sandane.

Ingen sjangerkrav

Temaet for årets festival er skrekkfilm, og skrekkfilmprodusenten Bjørn Eivind Aarskog er mellom bidragsytarane . Men festivalsjef Thomas Hovlandsvåg seier det ikkje noko sjangerkrav til filmkonkurransen.

- Så har du ein film liggande, er det berre å sende den inn, lyd oppmodinga frå festivalsjefen.

Framsyning på låve

Med berre veker att til årets festival, har arrangørane ved Firda vidaregåande skule endeleg klart programmet til årets Q-filmfestival. Mellom filmane finn ein "Antichrist", "La den rette komme inn" og ei ekstraordinær framsyning av den norske skrekkfilmen "Snarveien"

Dei står bak årets Q-filmfestival.

Desse Firda-elevane står bak årets Q-filmfestival.

Foto: Q-film

- Utekinoen har vore såpass populær tidlegare, at vi valde å løfte det heile ved å vise "Snarveien" i ein nærliggande låve, fortel Hovlandsvåg og meiner dei har plukka "kremen" frå dei ulike sjangrane.

Stem på din favoritt

Konkurransen skjer i samarbeid med NRK. Filmane vil verte presenterte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider der alle kan stemme på den som skal få publikumsprisen.

I tillegg vil ein jury kåre vinnarar av andre kategoriar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast