Hopp til innhold

Tida er inne for Ørjan

Ørjan Hopen viste fram sitt beste og sitt verste i tapet mot Hødd. Tida er inne for at 22-åringen frå Sogndal blir stabil på sitt beste nivå.

Ørjan Hopen i treningskamp mot Hødd 22.03.14

UTFORDRING: Ørjan Hopen vedgår det er ei utfordring å stabilisere seg på sitt høgaste nivå.

Foto: Christian Blom

– Det vart litt opp og ned både i prestasjon og «springemessig». Me fell litt for eigne grep. Hødd spelar kyinsk, litt sånn som me har gjort i det siste. Det er ikkje så ofte me har styrt fotballkampar dei siste åra, så der har me eit betringspotensial, seier Hopen etter 90 nye minuttar med treningskamp.

Dahlin-tabbe

Den enda med eit småsurt 0-1-tap for Hødd. Dei tok leiinga midt i 2. omgang etter ein tabbe av Sogndal-keeper Erik Dahlin, og etter det greidde Sogndal aldri om omsetta presset sitt i målsjansar.

I staden var det Hødd som kom tilbake på slutten og gav Dahlin sjansen til oppreisning etter tabben.

Dei sjansane greip han, og dermed vart det med det eine målet.

Godt og gale for Hopen

For Hopen sin del var fasiten ein preglaus førsteomgang, så 20 svært gode minuttar etter pausen der både pasningar og skot var svært nære å gje utteljing, før det dabba av att mot slutten.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ørjan Hopen har fått mykje tillit i sesongoppkøyringa til Sogndal.

SJÅ VIDEO: Ørjan Hopen viste fram sitt beste og sitt verste i tapet mot Hødd.

– Eg må stabilisera meg på det beste nivået mitt i år. Det er utfordringa mi, seier han.

Det meste har laga seg fint til for Ørjan Hopen våren 2014. Ein skadefri oppkøyring, gode prestasjonar i treningskampane og ein fin opning inn i Jonas Olsson sin midtbanetrear kan vera sjansen han treng for å bli ferdig med «talentalderen» ein gong for alle.

Opning i førsteellevaren

– Det ser mykje betre ut i år enn i fjor. Tre på midten passar meg godt, og eg har det er lenge sidan eg har fått trent skadefritt i oppkøyringa. Når eg har fått skåra nokre mål og lagt nokre målgjevande står eg betre rusta no enn eg gjorde i både 2012 og 2013.

– Det er sant. Han har ein god opning no, men det er det fleire som har, kvitterer Olsson.

Seks mann, tre plassar

For medan Helge Haugen i dag står fram som det einaste sikre førstevalet på dei tre senrale midtbaneplassane, er det jamt mellom skotsterke Hopen, teknikaren Kristoffer Nesse Stephensen, arbeidsjarnet Petter Strand og gjennomsolide Ruben Holsæter. I tillegg er Rune Bolseth på veg tilbake etter ein lang skadeperiode.

Haugen, Strand og Hopen har vore mykje brukte i vinter og ser ut til å utfylla kvarandre godt, men Olsson seier det er vanskeleg å vurdera Hopen sine prestasjonar.

Fordi fokuset alltid havnar på korleis han utnyttar den etter kvart vidgjetne venstrefoten sin.

Fokus på venstreslegga

– Det er ikkje forstyrrande, men det blir alltid veldig mykje fokus på den. Han kan ha ein dårleg prestasjon i ein kamp og så skrur han inn eit frispark etter 90 minuttar og i blant er det omvendt der han spelar godt men ikkje skårar mål. Det blir veldig resultatorientert så for Ørjan sin del er det viktig å fokusera på kva han skal gjera. Venstrefoten har han uansett. Det er ingen problem med den, seier Olsson.

Harde år

Etter den sterke gjennombrotssesongen i 2011 vart dei to påfølgjande sesongane vanskelege for Hopen.

Etter eit svært offentleg oppgjer med sin eigen spelegalskap og behandlingsopphald i England var formen fallande gjennom 2012. 2013 gjekk med til to langvarige skader og eit heller mislukka låneopphald i Bryne.

– Eg har sjølvsagt lyst til å finna tilbake til formen frå 2011 og kanskje gjera det endå betre. Men det handlar mykje om å koma inn i «sona» der det går litt stang inn der du treff på dødballar og avslutningar i staden for at det går utanfor. No ligg det til rette, men konkurransen er også mykje hardare, seier Hopen.