Hopp til innhold

Tico har fått ny heim: – Me blei selde då me såg han på TV

FØRDE (NRK): Etter serien «Superhundene» har mange lurt på korleis det har gått med hunden Tico. – Tico er Tico, det er turbo, seier ny eigar, Inge Brigt Kvile.

Tico frå "Superhundene"

NY HEIM: Tico frå «Superhundene» har fått ny heim i Førde og trivst godt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Han føler seg heime her og trivst veldig godt, trur eg, seier Inge Brigt Kvile ifrå Førde.

Hunden blei kjend for mange gjennom TV-serien «Superhundene».

– Både oppførsel og utsjånad sjarmerte oss. Me har lenge vurdert å skaffa oss hund igjen, så me tenkte han der er i grunn perfekt, seier Kvile.

Storbylivet passa ikkje Tico

TV-serien «Superhundene» viser korleis hundar kan hjelpa menneske med nedsette evner. Diverre viste det seg at Tico ikkje passa inn som superhund hos ein rullestolbrukar i Oslo.

Tico blei stressa av mykje aktivitet rundt seg, og då særleg frå andre hundar. I møte med andre hundar klarte ikkje Tico å styra seg sjølv.

Tico og eigar Inge Brigt Kvile

AKTIV HUND: Tico er glad i all aktivitet. Snart skal han trena spor og byrja å gå med kløv saman med eigar Inge Brigt Kvile.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Mange lurte på korleis det gjekk med hunden, etter å ha sett han på TV.

Familien Kvile i Førde ynskja å gi Tico ein ny heim. Dei har tidlegare erfaring med ein liknande hund og fekk difor moglegheita til å ta vare på Tico.

– Stort sett har det gått veldig bra. I familien er han veldig snill og grei, seier Kvile.

Tico er glad i all aktivitet og familien er flinke til å aktivisera hunden.

– Han er med på ski. No nærmar våren seg også, så då skal me trena spor og byrja å gå med kløv. Tico er ein hund som likar å jobba.

Ei hundekløv er ei slags todelt veske som ein legg over ryggen til hunden. Ho blir brukt til å frakta likevekt. Hunden kan difor avlasta vekt for eigaren når dei går tur.

Maren og Tico

NØGD TRENAR: Hundetrenar Maren Teien Rørvik er nøgd med at Tico har fått ny heim.

Foto: Cato Johansen / Monster/NRK

Hundetrenar Maren Teien Rørvik frå «Superhundene» er svært nøgd med at Tico har fått seg ny heim.

– Det er kjempebra! Eg forventa det, og håpa på det. Tico har stått på kennel og prøvd ulike heimar. Denne familien har jo sett hunden på TV, så dei veit kva dei går til.

Tico og eigar Inge Brigt Kvile

NY EIGAR: Familien Kvile i Førde er ny eigar av Tico. – I familien er han veldig snill og grei, seier Inge Brigt Kvile.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Tico er Tico, det er turbo.

Sjølv om hunden oppfører seg bra, merkar familien likevel på hunden at den er omplassert.

– Tico er Tico, det er turbo. Han er litt sytete og veldig oppteken av kor me er til ei kvar tid. Helst likar han å ha to i familien rundt seg heile tida, fortel Kvile.

Hunden treng aktivitet, eit roleg miljø og mental stimuli for å trivast. Familien er klar på grunnen til at dei ynskja ein omplassert hund:

– Det er mykje styr med ein kvalp, så det er greitt å få ein som er ferdig med den perioden. Me blei seld då me såg han på TV for fyrste gong.

NY HEIM: Superhunden Tico har fått ny eigar i Førde.