Hopp til innhold

Tiande plass i sleggekast

Thomas Mardal frå Sandane vart inspirert av atmosfæren blant publikum på stadion då han kasta seg inn blant dei ti beste i dag.

Thomas Mardal
Foto: THORE-ERIK THORESEN

– Å ta seg til finalen var det første målet mitt, og etter det var målet å vere på topp ti. Det har vore ein veldig bra dag, seier Thomas Mardal frå Gloppen FIL.

Europameisterskapet føregår i Bydgoszcz i Polen. 20-åringen, som har vore med på to juniormeisterskap før, kasta 68,28 meter i fyrste omgang.

Det var berre seks centimeter kortare enn gårsdagens kast, då han kvalifiserte seg til finalen. Då sette han både personleg rekord og krinsrekord.

Ikkje langt unna tre nye kast

Dei tolv deltakarane i finalen får fyrst tre kast kvar. Deretter får åtte av dei tre nye kast.

– Det gjekk ikkje denne gongen, men eg var ikkje langt frå å bli med vidare, seier Mardal.

Han var tjue centimeter unna.

– Det var så god stemning på stadion. Eg brukte det til min fordel for å skape adrenalin, det var veldig kjekt. No skal eg berre sjå på resten av helga og kose meg, seier Mardal.

Evald Osnes Devik, også han frå Gloppen FIL, kom på ein 15.-plass i kvalifiseringa i går med 59,97 meter. Han var dermed ikkje med i finalen.