NRK Meny
Normal

Tiago vart verdsmeister i thaiboksing utan trenar

Tiago Mendes vart i helga verdsmeister i Muay Thai, thaiboksing, i Tyskland. Dit har han komme utan anna støtteapparat enn klubben i Sogndal, som han sjølv har starta.

tiago etter kamp

FORT GJORT: I overkant av 40 sekund tok finalekampen mot tyske Balàz Matoricz for Tiago Mendes. Portugisiske Tiago Mendes kom til Sogndal for fem år sidan, og store delar av fritida ved sidan av full jobb til kampsport. (Tiago Mendes er nummer to frå høgre, motstandaren nummer to frå venstre).

Foto: Privat

Føtene til dei to boksarane står ikkje eit sekund i ro på den raude treningsmatta. For kvart slag og kvart spark ropar dei ut, og pusten går i takt med føtene.

I dag er det berre leik. I helga var det alvor for Tiago Mendes.

Han konkurrerte i VM i Muay Thai, thaiboksing i Tyskland. Der representerte han Noreg i vektklassa -75 kg, og han gjorde det godt.

– Eg gjekk i finalen mot ein tysk, veldig tøff fighter. Men etter nokre sekund slo eg han i «knockout». Så finalen gjekk bra. Veldig fort, men bra, seier kampsportutøvaren.

Viktig klubbmiljø

Muay Thai er ein kampsport som kan minne om kickboksing. Det er ei kampform der omtrent alt er lov.

– Det er ein veldig tøff kampsport, men ein kan også berre trene det for å halde seg i form. Mange tenker kampsport er farleg og at det er masse blod på trening, men det er det ikkje, fortel utøvaren.

Klinsj Tiago Mendes og Diogo Sousa

FYSISK: Muay thai er ein kampsport der ein må tole å vere nær kvarandre. Det tek vekk sperrer og gjer at folk blir godt kjende, seier Tiago Mendes. Her visar han kva ein klinsj er med treningspartnar Diogo Sousa.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Med seg på trening denne føremiddagen har Tiago nokre av kompisane frå Sogn Martial Arts. Dei er viktige for at han har komme på det nivået han er på, seier han.

– Eg har ingen profesjonell trenar i Sogndal. Så eg trenar dei, og dei trenar meg. Når dei blir betre, blir eg betre.

Pådrivar i klubben

– Det hadde ikkje vore noko Muay Thai i Sogndal utan Tiago, seier Sondre Walsvik.

For to år sidan møttest Walsvik frå Kaupanger og Mendes frå Portugal på eit treningssenter. Dei likte begge kampsport, men det var berre eitt problem: Dei kunne ikkje snakke same språk.

Tiago Mendes

PÅ TOPP: Tiago Mendes enda på toppen av pallen i klassa -75 kg. I midten er Sahid Rasool som leiar Norges Muay Thai-foreining.

Foto: Privat

– Så vi byrja berre å trene saman. Når vi var ferdige sa vi "same tomorrow?", og det var det vi sa til kvarandre, flirer Walsvik.

To år seinare snakkar Tiago så godt som flytande norsk. Kompisgjengen som byrja klubben i lag har blitt større, og no har klubben meir enn 30 medlemmer.

– Kampsporten er veldig viktig for oss som er med, seier Walsvik.

Sola skin inn gjennom dei store glasa i treningshallen, og lagar lange skuggar på golvet.

Dei to kompisane puttar tannbeskyttelsen i munnen, og dreg på seg boksehanskane.

Av dei intense blikka i sparringa ser det slett ikkje ut som at dei er kompisar. Det lyser heller ikkje venskap av dei harde sparka dei langar ut mot kvarandre.

– Eg blir ikkje sint om eg må gå heim med eit blått auge. Det er min feil om eg ikkje har guarden oppe, då seier eg berre gratulerer med eit godt treff. Slik er det i muay thai. Mykje respekt, fortel Mendes.

Tiago Mendes og Sondre Walsvik

TRENINGSKOMPISAR: Språket var inga hindring når Sondre Walsvik (t.v.) og Tiago Mendes oppdaga dei hadde kampsportinteressa til felles. No er begge svært aktive i klubben, og Sondre Walsvik er ein av dei som var med til Tyskland for å støtte Mendes under VM.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.