NRK Meny
Normal

Ti tannklinikkar i Sogn og Fjordane blir lagde ned frå 2019

LOEN (NRK): Fylkestinget vedtok i dag å leggja ned dei fylkeskommunale tannklinikkane i Naustdal, Vassenden, Sande, Svelgen, Dale, Selje, Balestrand, Leikanger, Innvik og Hornindal.

Tannklinikken i Svelgen

BLIR LAGD NED: Tannklinikken i Svelgen er mellom dei ti klinikkane som ikkje får leve vidare.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Grunngjevinga er å spara pengar, i tillegg til ønsket om å skapa større fagmiljø og ei betre teneste.

Kristeleg Folkeparti føreslo å oppretthalda Selje, men det forslaget fekk berre åtte røyster.

– Forskjellsbehandling

Gunn Sande

KJEMPA FÅNYTTES: Gunn Sande (Sp) argumenterte for å halda oppe klinikken i heimkommunen Selje.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Arbeidarpartiet føreslo å opna opp for at Dale igjen kan melda seg på for å oppretthalda tannklinikken der. Det forslaget fekk 15 røyster. 16 røysta i mot.

Gunn Sande frå Senterpartiet og Selje var mellom dei som kjempa mot nedlegging av klinikken i Selje, men måtte innsjå at motstanden var fånyttes.

– Eg er skuffa, det er ikkje meir å seia om det. Eg synest det er ei forskjellsbehandling av enkelte klinikkar. I einskilde delar av fylket skal reiseavstandane telja, i andre delar skal det ikkje telja.

Ho er særleg lei seg for at ho ikkje fekk støtte frå sitt eige parti. Partifelle og gruppeleiar i Sp, Sigurd Reksnes, vedgjekk at dette var ei vanskeleg sak.

– Sparer 11 millionar

Sigurd Reksnes

– MÅ SPARA PENGAR: Sigurd Reksnes, gruppeleiar for Senterpartiet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi forstår veldig godt at dei som misser eit tilbod dei har hatt nær seg er skuffa, men vi må sjå på dei innsparingskrava vi har. Med dette grepet sparer vi 11 millionar kroner. Set vi det opp mot å ta kuttet innan vidaregåande skule følte vi at dette var eit kutt vi kunne gjera.

Reksnes seier at kutta er ein konsekvens av det nye inntektssystemet som regjeringa har innført og som gjer at Sogn og Fjordane får langt mindre å rutta med i åra som kjem.

Reksnes var heller ikkje med på framlegget frå Ap om at Dale kan få behalda klinikken i staden for Askvoll.

– Vi syntest det var argumentert godt for kvifor det er rett å lokalisera ein framtidig tannklinikk i Askvoll. Det handlar om at det bur mykje folk på øyane. Summa summarum meiner vi at det var betre grunngjeve for Askvoll enn for Dale.

– Sårbare grupper

Gunhild Berge Stang og Clara Øberg

– SKAPER SPLID: Ordførar Gunhild Berge Stang (V) i Fjaler. Til høgre Clara Øberg, som er direktør for tannhelsetenesta.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Gunhild Berge Stang (V) er ordførar i Fjaler. Ho var oppteken av at det knappe fleirtalet mot å vurdera Dale på nytt skaper splid.

– Det som er veldig trasig er at Fjaler er i ei særstilling når det gjeld sårbare grupper som psykisk utviklingshema, barneskuleelevar og elevar i vidaregåande skular samanlikna med kommunane rundt oss.

– Men kan de ikkje takka dykk sjølve når de ikkje sende inn ein høyringsuttale?

– Det kan ein seia, men samstundes er det fylkespolitikarane sitt ansvar å ikkje legga vekt på kven som har vore på hogget, men legga vekt på den klinikken som det etter faglege omsyn er rettast å satsa på.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser