Hopp til innhold

Ti strake tap for Sandane

Laurdag tapte Sandane 2-0 borte mot Tornado Måløy. Det var det tiande strake tapet for Sandane. Laget står med null poeng og må sjå dei andre laga langt føre seg.

Men trenar Jan Ove Ødven har full tillit i klubben trass i 10 strake tap, seier fotballformann Rolf Allmenning.

- Etter vårt skjønn  er Ødven den beste trenaren som er å oppdrive i Gloppen kommune pr dags dato. Og laget har ikkje gitt opp, dei tenker at Høyang klarar vi. Dei er komne så lagt at dei produserer sjansar, det gjorde dei ikkje i dei første kampane i år. 

Almenning har ikkje nye spelarar til å styrke laget, men han har tru på at når det unge Sandane-laget får litt rutine så vil det bite godt frå seg.