NRK Meny
Normal

Ti minutt etter dette blei filma låg 14 menneske i sjøen

Festen enda pladask i plask! 14 menneske fall i sjøen då teltet på den ombygde livbåten kantra i båthamna i Skjerjehamn.

Ti minutt etter at dette blei filma, fall 14 menneske i sjøen frå "partybåten" midt i båthamna.

HØG PARTYFAKTOR: Denne videoen blei filma ti minutt før 14 menneske fall i sjøen då partyteltet på den ombygde livbåten kantra.

Utkant-sjef Viggo Randal stod berre 30 meter unna då 14 menneske hamna i sjøen då partyteltet på toppen av ein båt hamna i sjøen i går kveld.

– Det var dramatisk. Men både hamnelaget vårt og dykkarvakta vår var på plass omtrent før det hadde skjedd, seier festivalsjef Viggo Randal.

Politiet fekk melding om at ein båt hadde kantra ved Utkantfestivalen seint i går kveld. Då var allereie ein politibåt og ei redningsskøyte med mannskap på plass. I tillegg har festivalen sjølv både ambulanse, lege, brannvakt, dykkarvakt og vanlege vakter.

– Vi har vakt for kvar ein situasjon. Vi ligg så «tosje» til at vi har dekka oss opp for alle eventualitetar. Vi kan ikkje belage oss på at legevakta i Knarvik skal virke, men må ha ting på plass her hjå oss.

– Trudde vi skulle døy

Ingen av dei 14 som fall i sjøen vart skada.

Avisa Nordhordland har snakka med ein mann som var ombrod i båten, som seier det var ein vanleg fest med mykje folk, og at hendinga kom svært overraskande.

– Eg trudde vi skulle døy. Vi var ikkje litt førebudde ein gong. Plutseleg berre skjedde det, seier han.

Utkant 2015

MYKJE FOLK: Det er mykje folk og mange båtar samla på ein liten kompakt festivalstad, og etter denne konserten i går kveld vart det dramatisk på ein av båtane.

Foto: Gøril Sætre

– Ville vere 110 prosent sikre

Randal skildrar det som skjedde slik:

– Dei hadde laga eit eige overbygg på båten, og teke for mange på toppen og fekk overbalanse. Dei som sat oppe på plattingen datt i sjøen. Det skal seiast at båten i seg sjølv ikkje kantra. Det var overbygget som kantra slik at folk datt av.

Det tok ikkje lang tid før alle 14 var oppe av vatnet.

– Vaktene våre var vel borte og hadde alle oppe innan eit minutt eller to. Dykkaren vår var borte og sjekka. Vi var 99,9 prosent sikre på at ingen var igjen i vatnet. Så ville politiet ha ein ekstra sjekk slik at dei var 110 prosent sikre på at alle hadde kome opp av sjøen.

Trur ikkje på reaksjonar frå politiet

Ifølgje Randal har festivalleiinga ikkje fått signal frå politiet som tyder på at saka vil bli følgd opp overfor Utkant som festival.

– I går når dette stod på var fokuset berre å sikre oss at det ikkje var nokon i sjøen. Vi viste at vår beredskap fungerte, og vi synest det var veldig greitt å ta ein ekstra sjekk med dykkarane frå brannvesenet i etterkant. Alt gjekk fint, trass i uhellet.

– Du er ikkje redd for reaksjonar frå politiet overfor festivalen?

–Det kan eg ikkje tenke meg med bakgrunn i det som skjedde i går. Det har eg vanskeleg for å sjå skal gå ut over oss som festival.

Vegopning på Bergum i Førde kommune