Hopp til innhold

Lovar ti millionar ekstra til sikring av trehus

Brannen i Lærdal tidlegare i år har sett tryggleiken for verneverdige trehus på agendaen. No løyver regjeringa ti millionar kroner ekstra for å sikre brannberedskapen.

Fleire bygningar i gamle Lærdalsøyri vart sparde i brannen.

LÆRDAL: Fleire av dei verneverdige bygningane i gamle Lærdalsøyri vart sparde i brannen i januar. No løyver regjeringa ekstra midlar for å sikre brannberedskapen for verneverdige trehus.

Foto: Erik Bolstad / NRK

Ei undersøking nyleg utført av Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap, viste at to av tre område med verna trehusbygningar manglar eller har for dårleg brannsikring.

No set miljøvernminister Tine Sundtoft (H) av ti millionar kroner i det reviderte statsbudsjettet for å sikre norske trehus mot brannar som i Lærdal, skriv Aftenposten.

– Verna trehus er ein viktig del av den nasjonale kulturverdien. Det gjer områda til ei større oppleving, seier Sundtoft.

Midlane skal forvaltast av Riksantikvaren som skal fordele pengane til kommunar som søkjer om midlar. Frå før av er det også sett av 14 millionar kroner til brannsikring av stavkyrkjer i budsjettet.

– Vi har sagt at det er behov for 40 millionar kroner årleg, men veit kva som er mogleg å få til i revidert nasjonalbudsjett. Den nye regjeringa må få budsjettet i sitt spor, og då håpar vi det kjem endå meir, seier Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeininga.

Revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram onsdag.