Hopp til innhold

Ti filmar kjempar om gjev pris

I kveld blir Publikumsprisen og andre filmprisar delte ut i Sogndal.

Sogndal filmfestival 2017

DEI NOMINERTE: Desse ti filmane kan vinne Publikumsprisen, men då treng dei di stemme.

Magnus Førde og Sunniva Breidvik

NØGDE: Filmansvarleg Magnus Førde og festivalsjef Sunniva Breidvik fortel dei har fått inn over 40 filmar til konkurransen.

Foto: Sogndal filmfestival

Sogndal Filmfestival har fått over 40 filmar frå heile landet til kortfilm­konkurransen i år.

– Desse filmane fordeler seg over fleire sjangrar og det er stort spenn i aldersgruppene til filmskaparane, seier festivalsjef Sunniva Breidvik.

Ein av prisane som blir delt ut er Publikumsprisen. Denne blir kåra gjennom nettavstemming på nettsida til NRK Sogn og Fjordane. Premien er eit gåvekort til fotoutstyr til ein verdi av 5000 kroner.

Torsdag kveld blir det tradisjonsrik gallakveld i Sogndal Kulturhus, med prisdryss i fleire kategoriar. Du får sjå det beste som ung, kreativ, filmungdom frå Vestlandet har å by på. Dagen etter blir det fagdag.

Stein Magne Os

STOR BREIDDE: Jurysjef Stein Magne Os fortel at kvaliteten på filmane til Sogndal filmfestival 2017 er jamnt høg og dei innsende bidraga viser stor breidde.

Foto: Sogndal filmfestival

Jurysjef Stein Magne Os er nøgd med filmane juryen har fått til vurdering.

– Mange av filmane held høg kvalitet. Det er alltid givande å vere i juryen for Sogndal Filmfestival, og i år er slett ikkje noko unntak, seier han.

Saman med fotograf Bjørn Bergum har Os vore med i juryen for Sogndal Filmfestival i ei årrekkje. Med i juryen i år var også Elisabeth Sowerby Dale og Oddvar Ulven Vigdal.

– Å sjå korleis dei unge brukar film som uttrykksform og gjennom dette få eit inntrykk av kva dei er opptekne, av er både spanande og interessant, seier Os.

Avstemminga er no avslutta.

Her kan du sjå dei nominerte filmane til Publikumsprisen:

Bjarne begraver Lykke – av Weronika Nitsch og Bjarne M. Sunde

BJARNE BEGRAVER LYKKE: Laga av Weronika Nitsch og Bjarne M. Sunde

Dinosaurs in the disco – av Ola Moen

DINOSAURS IN THE DISCO: Laga av Ola Moen

Hemmeligheten – av Siv Anne Fimland, Martin Nilsen, Thomas Dalen og Kirsti Lowdermilk

HEMMELIGHETEN: Laga av Siv Anne Fimland, Martin Nilsen, Thomas Dalen og Kirsti Lowdermilk

Hjartebarn – av Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad

HJARTEBARN: Laga av Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad

Limbo – av Nicolai Turnage

LIMBO: Laga av Nicolai Turnage

Null kontroll – av Olav Hopsdal Breistein, Jakob Bjørnøy, Charlotte Marie Sander, Vilde Thunestvedt

NULL KONTROLL: Laga av Olav Hopsdal Breistein, Jakob Bjørnøy, Charlotte Marie Sander og Vilde Thunestvedt

Pelle oppå heida – av Ruben Flatjord Kjøsnes

PELLE OPPÅ HEIDA: Laga av Ruben Flatjord Kjøsnes

Thea – av Frederika Dolezelova, Eline Jacobsen Lillestøl, Katrine Vedvik og Siara Førde

«Thea» - Frederika Dolezelova , Eline Jacobsen Lillestøl, Katrine Vedvik og Siara Førde - Sogndal filmfestival 2017

THEA: Laga av Frederika Dolezelova, Eline Jacobsen Lillestøl, Katrine Vedvik og Siara Førde

The Letter – av Simon Gjerde Tonev

«The Letter» - Simon Gjerde Tonev - Sogndal filmfestival 2017

THE LETTER: Laga av Simon Gjerde Tonev

Tre ord – av Mathias Hansen og Amalie Heggen

TRE ORD: Laga av Mathias Hansen og Amalie Heggen