NRK Meny
Normal

Ti-åringar berga geitekje

To ti år gamle jenter stod torsdag kveld for ein redningsdåd ved Kystmuseet i Florø. Dei berga eit geitekje som hadde falle i sjøen.

Andrea Skuseth, Kine Bortheim og museumsdirektør Bjørn Fjellheim med kjeet jentene berga.
Foto: MMS-foto:Terje Gilleshammer / NRK

Det var i 19-tida torsdag Kine Bortheim og Andrea Skuseth var ute og leika ved Kystmuseet. Då oppdaga dei kjeet som fall i sjøen.

Dei greidde å få kjeet i land, og pakka det inn i ei fleecejakke for å få varmen i det att. Ei kvinne som såg bergingsaksjonen vart redd for jentene og varsla politiet. då politipatruljen kom fram, sat dei to jentene hutrande med kjeet innpakka i jakka.

- Det ville gå for lang tid om vi skulle vente på politiet, seier dei to jentene til NRK Sogn og Fjordane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast