Hopp til innhold

For nøyaktig ti år sidan strøymde 100.000 kubikkmeter vatn nedover dalen

I dag er det akkurat ti år sidan Fjærland vart ramma av eit jökulhlaup, ein flaum etter brå tapping av bredemt sjø, med etterfølgjande flaumskred.

Midt på dagen for ti år sidan, rasa dei buldrande vassmassane mot Fjærland og herja med alt som kom i sin veg.

Men for å forstå kva det var som eigentleg skjedde i Fjærland for nøyaktig ti år sidan, må vi sjå på kva som skjedde eit par dagar før det tok laust.

– I slutten av april det året var det veldig mildt og varmt. Det vart veldig mykje smelting, uvanleg tidleg på året. Dette vatnet samla seg framom breen ved Flatbrehytta, fortel Bondevik.

Vatnet fann ingen veg ut

Vanlegvis opnar det seg ein kanal under isen, slik at smeltevatnet kjem seg ut og renn ned eit anna dalføre til Supphella. Men det skjedde ikkje denne maidagen for ti år sidan.

– På grunn av at smeltinga var så tidleg, så hadde ikkje den vegen under isen opna seg, så vatnet fann ikkje vegen slik det pleidde, forklarar Bondevik.

Dermed samla vatnet seg framfor breen og vart demt mellom breen og ei svær endemorene.

– Så steig vatnet oppover. Endemorenen er mellom 25 og 50 meter høg og er ein rygg på vel 600 meter. Det fylte seg opp mellom breen og morenen. Då det nådde eit visst punkt, så rann det over, seier Bondevik.

Då opna det seg ein ei rivne i endemorena.

– Eg trur den var 35 meter brei og 15 meter djup, så det var ei svær rivne. Då kom alt vatnet fossande nedover, fortel Bondevik.

(Artikkelen held fram under videoen)

8. mai 2004 gav delar av breen etter, og eit oppdemt vassbasseng fløymde ned fjellsida mot Supphelledalen i Fjærland. Det førde til store øydeleggingar på garden Øygard.

Var dobbelt så mykje vatn som ein først trudde

Raset fossa tre kilometer nedover Supphelledalen, og gjørma låg om lag ein halv meter tjukk over store område.

– Det var heilt vanvettige krefter. Ein seier 50.000 kubikkmeter med vatn, men det var nok endå meir vatn. 50.000 kubikkmeter er viss du berre reknar med den synlege innsjøen framfor breen. Det vart truleg mykje vatn innunder breen også, så eg trur nok det var nærare 100.000 kubikkmeter vatn, seier Bondevik.

Alle desse massane susa frå 1000 meters høgd og heilt ned til botn av dalen, som ligg heilt nede ved fjorden, om lag 50 m.o.h.

– Det var enorme krefter som var i sving, seier Bondevik.

Øydeleggingane etter raset var enorme, men til alt hell gjekk ikkje menneskeliv tapt.

– Det er utruleg. Det er nemnt med ein som var oppe der og hogg ved, og han rømde for livet. Det gjekk overraskande nok utruleg bra, og det må vi vere glade for, seier Bondevik.

Viss rivna vert tetta, kan det skje igjen

Trass i klimaendringar og milde periodar på våren, trur han ikkje det er overhengande fare for at noko slikt kan skje igjen slik ting er no.

– Akkurat når det gjeld denne breen, så er den rivna i morena skjedd, så skjer det noko nytt, samlar det seg ikkje opp vatn, seier Bondevik.

Men han peikar på at dersom breen skulle rykkje fram, vil ting stille seg annleis.

– Viss breen rykkjer fram og byggjer opp att ein ny morenerygg og tettar den rivna som er der, så kan det skje på nytt att, seier Bondevik.

Stein Bondevik

MYKJE LÆRDOM: Professor Stein Bondevik fortel at ein har lært mykje av å sjå på data ein har etter flaumskredet i Fjærland.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Når det gjeld andre brear så kan til dømes brear som rykkjer fram, stengje ein sidedal, slik at det byggjer seg opp vatn der.

– Og det må også finne veg nedover. Det kan bli andre stadar der det kan etablere seg lommar med vatn, seier Bondevik.

Viktig å følgje med

Men han legg til at det er vanskeleg å konkludere med om det vert farlegare i tida framover, eller ikkje.

– Det viktigaste er å følgje med på breane som finst rundt om. Spesielt viss dei minkar, må ein følgje med på om det dannar seg slike område der det kan samle seg vatn, seier Bondevik.

Mange forskarar har fordjupa seg i det som skjedde i Fjærland for ti år sidan, og karakteriserer det som hende som svært interessant.

– Eirik Øygard var på Flatbrehytta då det skjedde, og fekk teke ein del bilete. Vi fekk også data for hastigheita, og det veit vi fordi folk observerte det, samt at vi har svært gode bilete, seier Bondevik.

Vart gjort pionerarbeid

Han legg til at forskarane også har eit godt grunnlag for å seie kor mykje masse som kom ned.

– Å rekne ut kor stort volum som kom ned, var eit pionerarbeid som vart gjort etterpå med kartlegging, seier Bondevik.

Det beste rådet for folk som bur i område med bre, er å halde eit vake auga med det som skjer rundt ein.

– Her var det slik at alle andre elvar auka vassføringa denne dagen, men vassføringa i denne elva steig ikkje. Det var det folk som hadde lagt merke til, seier Bondevik.

Men sjølv om ein følgjer aldri så godt med, så kan ei slik hending komme uforvarande på.

– Vi har eit landskap der mykje er høgt til fjells, med brear og utilgjengelege område, så det er ikkje alltid heilt lett, seier Bondevik.